Nytt styre ved Noregs musikkhøgskole

Astrid Kvalbein er nyvald rektor og styreleiar og Inga Bostad, Stein Bjelland, Cecilie Ohm og Svein Tore Samdal blir styremedlemar ved Noregs musikkhøgskole i neste periode. Nye varamedlemar er Monica Larsson og Ivar S. Peersen.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar og nye styremedlemar for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Astrid Kvalbein overtar som rektor og styreleiar ved NMH, og eg ser fram til å følgje musikkhøgskolen under hennar leiing. Eg trur det nye styret vil bidra til å styrke NMHs rolle som ein viktig institusjon i spenningsfeltet mellom konservatoriestradisjonen og framtidas musikkarbeidsmarknad, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Astrid Kvalbein frå Oslo er songar, musikkpedagog og journalist  med utdanning frå Noregs musikkhøgskole. Kvalbein går frå stillinga som forskar og prosjektleiar for NMHs historieprosjekt, og til rolla som rektor og styreleiar. 

Nye styremedlemar:

Inga Bostad (Oslo) er professor ved Universitetet i Oslo og har brei leiar- og styreerfaring frå humaniora-feltet og leiing av akademiske miljø.   

Stein Bjelland (Stavanger) er sjølvstendig næringsdrivande i musikk og kultur, og har brei styre- og leiarerfaring frå musikkbransjen. Bjelland er kopla til akademia gjennom ei bistilling på Universitetet i Stavanger

Cecilie Ohm (Bergen) er prosjektleiar ved Universitetet i Bergen, og har brei erfaring frå ulike administrative leiarstillingar i akademia. Ohm er noverande styremedlem ved NMH, og har også styreerfaring frå Simula og Uninett.

Svein Tore Samdal (Trondheim) er administrerande direktør i BN Bank ASA. Samdal har lang erfaring frå finansielt næringsliv i Midt-Noreg og styreerfaring frå Rosenberg Sport og Rosenborg fotball. Han er tidlegare sjef for kvinnelandslaget i langrenn.   

Varamedlemar:

Monica Larsson (Nesodden) er seniorrådgjevar i Kulturrådet. Larsson har erfaring frå kulturlivet, er styreleiar i By:Larm og har ei rekkje andre styreverv.

Ivar S. Peersen (Bønes) er komponist med lang erfaring som musikar. I seinare år har han arbeidd mykje med kommersialisering av musikk. Peersen har også brei styreerfaring frå musikkbransjen. 

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har oppnemnt fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved NMH vel resten av  styremedlemane.