Historisk arkiv

OECD vil hindre frafall i skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Utdanningsministrar frå rundt 20 land skal møte kvarandre i Oslo 9. og 10. juni for å diskutere tiltak som kan redusere fråfallet i vidaregåande opplæring. Norske styresmakter har teke initiativet til konferansen som blir arrangert saman med OECD. Det store fråfallet er ei felles utfordring for medlemslanda.

- Det er her tale om eit stort samfunnsproblem. Utveksling av erfaringar på internasjonalt nivå kan gi viktige innspel til korleis ein kan makte å redusere fråfallet, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Solhell  er vertskap for konferansen som blir arrangert på Holmenkollen Park Hotel i Oslo. Han skal halde eit av hovudforedraga innleiingsdagen som er tysdag. I tillegg innleier OECDs visegeneralsekretær, Aart de Geus, og Barbara Ischinger, direktør for Utdanningsdirektoratet i OECD.

Etter innleiingane vil ministrane møtast til rundebordsamtalar, der målet er å engasjere deltakarane i ein open diskusjon, utan ferdigskrivne innlegg. I tillegg til kampen mot fråfall i skulen vil det vere to andre hovudtema; tiltak for tidlig innsats som skal hindre at problema for elevane får utvikle seg over tid, og god bruk av tilgjengeleg kunnskap i utforminga av utdanningspolitikken.

Ein eigen OECD-rapport “No more failures – ten steps to equity in education”  ligg til grunn for diskusjonane. Rapporten viser at det er mogleg å gjere noko med stryk og fråfall – og i tillegg redusere dei store sosiale kostnadene som kjem når vaksne ikkje har nødvendige basiskunnskapar frå skulen.

Les mer her 

Til toppen