Historisk arkiv

Økt seikvote i nord i 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har sett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 172 500 tonn i 2018. Dette er 15 prosent meir enn for 2017.

- Det er gledelig at det no for fjerde år på rad er grunnlag for ei auke av totalkvoten i fisket etter sei nord for 62°N, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Forvaltninga av sei byggjer på ein strategi som Det internasjonale råd for havforsking (ICES) i 2007 vurderte til å vere i tråd med føre-var-prinsippet, og ICES har i dei seinare åra også teke i bruk ein ny statistisk berekningsmodell som handterer usikre data betre.

Kvoten for 2018 er sett i tråd med tilrådinga frå ICES. Sei nord for 62°N er ein norsk bestand, og Noreg forhandlar ikkje med andre land om kvotefastsetting og forvaltningsopplegg.