Omstillingstiltak for Svalbard

Eitt av hovudmåla i norsk Svalbardpolitikk er å oppretthalde det norske samfunnet på øygruppa. Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner til arbeidsplassar og omstilling i Longyearbyen.

Satsar på innovasjon
Regjeringa vil styrkje arbeidet med innovasjon og utvikling på Svalbard med 23 millionar kroner, finansiert over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

- Vi vil ha ein eigen næring- og innovasjonsstrategi for Svalbard, og gi Innovasjon Norge ei rolle i omstillinga av Longyearbyen. Dette skal leggje grunnlaget for ny næringsaktivitet både på kort og lengre sikt. Regjeringa vil hjelpe Svalbard med å løyse ein vanskeleg situasjon, seier næringsminister Monica Mæland.

Fleire arbeidsplassar i bygg og anlegg
Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har gjennom mange år gitt stabile og heilårige arbeidsplassar på Svalbard. Ein vesentleg reduksjon i kolprisen dei siste åra har ført selskapet inn i ein krevjande situasjon, og dei har allereie gjennomført nedbemanningar.

- Løyvinga skal blant anna leggje til rette for økt etterspørsel etter arbeidskraft i anleggs- og byggjebransjen i Longyearbyen. Tilskot til Longyearbyen lokalstyre på 22 millionar kroner til vedlikehald og utbetring av infrastruktur, skal hjelpe til dette, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen.

Viktig med lokal forankring
- Det er viktig at arbeidet med omstilling og næringsutvikling i Longyearbyenheld fram. For å sikre ei lokal forankring av dette arbeidet foreslår vi 4,5 millionar kroner til Longyearbyen lokalstyre og 0,5 millioner kroner til Svalbard Næringsforening, seier Anundsen.

Kjem med Svalbardmelding til våren
Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med ei ny stortingsmelding om Svalbard. Dette arbeidet blir framskunda slik at den kan leggjast fram for Stortinget våren 2016.