Oppmodar statlege verksemder til å spare straum

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som sit med ansvar for statleg bygg- og eigedomsforvaltning, oppmodar departementa om å iverksette tiltak som kan redusere straumforbruket i statlege bygningar i sine sektorar.

–Både privatpersonar, næringsliv, kommunar, frivillige organisasjonar og andre merkar konsekvensane av dei svært høge straumprisane. Samstundes er fyllingsgrada i vassmagasina i Sør-Noreg låg. Eg meiner det er viktig at staten tek grep for å bidra til lågare energibruk, seier Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister (Sp). 

Stort potensial

Eigedomsporteføljen til staten er stor, og det gir også eit stort potensial for å spare straum. Lågare energibruk vil i tillegg gi staten lågare kostnadar.

I eit brev til alle departementa oppmodar statsråden alle departement til å bidra til å redusere straumforbruket i statlege bygg i sin sektor.

– Vi er i ein ekstraordinær situasjon som krev at vi handlar raskt. Eg oppmodar departementa om å sette i verk tiltak som kan gi effekt på kort sikt. Eg vil òg oppmode til å sette i verk meir langsiktige tiltak som kan redusere energibruken på lengre sikt, seier Gjelsvik.

Ulike tiltak

Oppmodinga gjeld både for leigde lokale, sjølvforvalta eigedomar og for eigedomar forvalta gjennom statens husleigeordning.

– Bygningane er ulike, og kva som er effektiv tiltak for å spare straum vil variere. Ei rekkje verksemder har allereie iverksett tiltak. Men beskjeden frå meg er klar: no er det tid for å sette i verk forsterka tiltak, og eg oppmodar alle departementa om å  følgje dette opp med sine verksemder, seier Gjelsvik.