Opprydding i lotteriregelverket

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa ønskjer klare og rettvise reglar som sikrar at omsyna bak den norske einerettsmodellen, der Norsk Tipping har einerett på pengespel, blir ivaretatt samstundes som det kan gje auka inntekter for frivillige organisasjonar. Regjeringa står bak einerettsmodellen.

Regjeringa har bestemt at det skal bli gitt løyve til inntil fem lotteri med 300 millionar kroner i årleg omsetnad. Løyva vil bli gitt for ni år, og det er samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner med betydeleg internasjonal verksemd som kan søkje. Lotteritilsynet skal avgjere kven som får løyva.

Forskrift med endringer i reglene for lotterier (.pdf)

– Regjeringa ryddar no opp i problem skapt av den raudgrøne regjeringa. ESA opna sak mot oss i fjor etter klage frå eit lotteri som meinte at avgjerda om å gje nokre løyver og avvise andre, vitna om uklare reglar og uklar praksis. Endringane vi no gjer bidrar til ein spelpolitikk som tar omsyn til spelavhengige, og demmar opp for lekkasjen til utanlandske og uregulerte spill. Samstundes bidrar endringane til auka inntekter for frivillig sektor, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Dei nye reglane vil gi klare vilkår for private ikkje-vanedannande lotteri. I tillegg blir ansvaret for å avgjere søknader flytta frå Kulturdepartementet til Lotteritilsynet. Av omsyn til spelavhengige skal Norsk Tipping framleis vere hovudaktør for pengespel og lotteri på den norske regulerte marknaden.

Dette er hovudtrekka i det nye regelverket:

  • Lotteritilsynet skal avgjere lotterisøknader. 
  • Det kan bli gitt løyve til inntil fem lotteri med 300 millionar kroner i årleg omsetnad. 
  • Er det fleire enn fem søkjarar som kan fylle vilkåra i føresegna, vil dei fem løyva bli fordelte med loddtrekking. 
  • Løyva blir gitt for ni år. 
  • Utelukkande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som har betydelig internasjonal verksemd kan søkje om å få løyve. 
  • Lotteria skal ikkje føre til at spelarane blir avhengige.
  • Minst halvparten av omsetnaden etter at gevinstane er trekte i frå skal gå til formåla. 
  • Nye marknadsføringsreglar skal sikre godt vern for forbrukarane og hindre at reklame for desse lotteria fører til problematisk spelframferd. Dei nye lotteria kan ikkje ha marknadsføringskostnader på meir enn 15 % av omsetnaden når pengepremiane er trekte i frå.