Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Oppstart for lønsoppgjeret i staten

Lønsoppgjeret for tilsette i det statlege tariffområdet startar tysdag 1. september klokka 10:00. Partane møtes i auditoriet i R5 i Akersgata 59.

Pressa er velkommen til å ta bilete og stille spørsmål etter opninga i resepsjonen i R5 kl. 11.00. Av omsyn til smittevern ber vi om at presse som ynskjer å delta melder seg på til [email protected] innan 1. september kl. 08. 

Årets oppgjer er et hovudoppgjer. Partane i forhandlinga er hovudsamanslutningane LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne på den eine sida, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet på den andre sida. Staten sin forhandlingsdelegasjon leiast av personaldirektør i staten, Gisle Norheim.

Fristen for forhandlingane er 15. september ved midnatt. Informasjon om årets lønsoppgjer publiserast på våre nettsider: www.regjeringen.no/lonnsoppgjoret2020

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00