Organisering av skoleåret i vidaregåande opplæring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Kalenderhendelse | Torbjørn Røe Isaksen
Sted:
Torsdag 15. juni får kunnskapsministeren ein rapport om organisering av skoleåret i vidaregåande opplæring.
Hausten 2016 nedsette Kunnskapsdepartementet ei arbeidsgruppe som skulle vurdere moglege organiseringar av skoleåret i vidaregåande opplæring, i lys av utfordringar knytte til blant anna undervisningstid og eksamen.
Leiaren av arbeidsgruppa har vore utdanningsdirektør Anne Hjermann frå Fylkesmannen i Hordaland. Ho vil gi ei kort oppsummering av rapporten, før ho overleverer han til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Stad: Edvard Munch vidaregåande skole, Akersgata 5, 0165 OSLO. Klasserom nr. 221 i 2. etg. Inngang frå Nordahl Bruns gate.
Tid: Torsdag 15. juni klokka 10.15 - 11.00.
Elevar frå Edvard Munch vidaregåande skole vil vere til stades på overleveringa. Det vil også represantantar frå organisasjonane som har vore med i arbeidsgruppa. Målet med rapporten er å gi råd om korleis elevane i vidaregåande skole skal få den undervisninga dei har krav på før dei tek avsluttande eksamen.