Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Overføringa av fylkesvegadministrasjonen skal vere på plass 1. januar 2020

- Overføring av fylkesvegadministrasjonen frå Statens vegvesen til fylka er ein del av regionreforma. No legg vi opp til at overføringa frå Statens vegvesen er på plass 1. januar 2020 som planlagt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Tilsette i Statens vegvesen som har jobba med fylkesvegadministrasjonen får moglegheit til å bli overført til fylka basert på avtaler mellom Statens vegvesen og fylka. Dette er lovfesta og Stortinget vedtok loven 11. juni 2019. Som i vanlege prosessar for lovendringar skal den endelege datoen for ikraftsetjing sanksjonerast av Kongen. Dette skjer i dag, fredag, og 1. januar 2020 vert altså sett som dato da overføringa skal vere på plass.

- Vi har hatt eit mål om at overføringa kan skje frå dette tidspunktet. Vi ønsker at dette blir ein best mogleg overføring for alle dei involverte, seier samferdselsministeren.

Endringa av fylkesvegadministrasjonen er ein stor reform for både Statens vegvesen og fylkeskommunane, og det er framleis mye som skal på plass for at overføringa kan starte 1. januar neste år. Prosessane med rekruttering av tilsette frå Statens vegvesen til fylkeskommunane held fram for fullt. I tillegg blir det arbeidd med mellom anna endring av forskrifter, administrative system for oppgåvene som skal overførast og overføring av arkiverte dokumenter.

Les meir om lovendringane her.

Til toppen