Svar på spørsmål om EØS-midlane

281 (2014-2015)

Statsråd Vidar Helgesens svar på spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om eit detaljert oversyn over samtlege prosjekt som har motteke støtte gjennom EØS-midlane for inneverande periode.

Skriftlig spørsmål 281 (2014-2015)
Datert: 28.11.2014

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete:
Kan statsråden leggje fram eit detaljert oversyn over samtlege prosjekt som har motteke støtte gjennom EØS-midlane for inneverande periode med utbetalingar til EØS-midlar (2009-2014) ved å vise kvart enkelt prosjekt som er løyvd pengar, kvifor prosjektet er kvalifisert til støtte, samt kor stor støtte kvart prosjekt har motteke?

Begrunnelse
Noreg er i desse dagar i førhandlingar med EU om ei vidareføring av norske utbetalingar av EØS-midlar. Noregs utbetalingar til EØS-midlar har vore sterkt aukande dei siste periodane. Senterpartiet har prøvd å få svar frå UD på spørsmål om korleis midlane som vert løyvde er fordelte mellom mottakarlanda , men er i direkte kontakt med UD nekta slikt innsyn. Det vil vera grunnleggjande udemokratisk om norske folkevalde ikkje vert gitt innsyn i korleis milliardar av norske skattebetalarar sine pengar vert nytta.

Svar frå statsråd Vidar Helgesen:
EØS-midlane vert styrt etter ein programmodell i tråd med avtalane med EU som blei inngått i 2010. Dermed er eit større ansvar for gjennomføringa lagt til mottakarlanda og det nasjonale kontaktpunktet i kvart land. Givarlanda godkjenner programma, medan operatørane for kvart program (i hovudsak frå mottakarlanda) er ansvarlege for å velje prosjekt som skal få støtte i tråd med regelverk og målsettingar innanfor det enkelte program. Dette bidreg også til å styrke forvaltningskompetansen i mottakarlanda. Gjennom sekretariatet for EØS-midlane i Brussel gjennomfører vi revisjonar og evalueringar og overvaker at regelverk og målsettingar for programma blir etterfølgt. Vedlagd sendast oversikt over prosjekt som per i dag er registrert i prosjektdatabasen for EØS-midlane for 2009 – 2014. Prosjektdatabasen (http://eeagrants.org/project-portal/2009-2014) gjev informasjon om kor mykje kvart prosjekt får i støtte i tillegg til bakgrunn og føremål med prosjekta. Per i dag er om lag 2 000 prosjekt registrert i databasen. Talet er venta å auke fram mot slutten av programperioden i 2016/2017.

I det skriftlege spørsmålet viser Senterpartiet til at dei har freista å få svar frå Departementet på spørsmål om korleis dei tildelte midlane er fordelt mellom mottakarlanda, og det vert vist til at ein i direkte kontakt med UD er nekta slikt innsyn. Departementet går ut frå at dette gjeld spørsmålet frå Utanriks- og forsvarspolitisk rådgjevar for Senterpartiet si stortingsgruppe, Per Martin Sandtrøen, av 7. november 2014. Dette spørsmålet vart svart på av statssekretær i Utanriksdepartementet, Ingvild Næss Stub, 11. november 2014.

Lenke til vedlegget i pdf-format