Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Byvekstavtale for Nord-Jæren – møte i politisk styringsgruppe i Stavanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Priv. til red.: Fredag 4. mai er det kalla inn til første møte i politisk styringsgruppe for byvekstavtale Nord-Jæren. Deltagarane er tilgjengeleg for pressa etter møtet.

Tid og stad for møtet:

Fredag 4. mai kl. 10-12, Arkivenes hus på Ullandhaug, Richard Johnsens gate 12, 4021 Stavanger.

Til møtet kjem statssekretærane Anders Werp frå Samferdselsdepartementet og Lars Jacob Hiim frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren og ordførarane i dei fire kommunane på Nord-Jæren.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen, direktør for Jernbanestrategi i Jernbanedirektoratet Anita Skauge og fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa vil også vere til stades.

Gjeldande byvekstavtale for Nord-Jæren skal reforhandlast. Tema for møtet er rammer og organisering av dette arbeidet.

Den politiske styringsgruppa har det overordna ansvaret for forhandlingane om byvekstavtale. Statssekretær Anders Werp frå Samferdselsdepartementet er leiar for gruppa. I tillegg vert det sett ned ei administrativ forhandlingsgruppe under leiing av vegdirektør Terje Moe Gustavsen, som vil stå for dei fortløpande forhandlingane.

Pressekontakt: Tor Livius Midtbø, 90 60 69 19.

Meir om byvekstavtaler