Pressekonferanse om koronasituasjonen

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Statsminister Erna Solberg, arbeids- og sosialminister Henrik Asheim og helse- og omsorgsminister Bent Høie inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag 25. november kl. 12.

Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg, vil òg vere til stades på pressekonferansen.

Nett-tv Pressekonferanse om koronasituasjonen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tidspunkt: Onsdag 25. november kl. 12.00.
Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Oppmøte for presse seinast kl. 11.45. Ta med gyldig pressekort og ID. Me har avgrensa tal på plassar til pressa og ber kvar redaksjon om å halde talet på deltakarar på eit minimum. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Per Aubrey B. Tenden, telefon 90 09 10 62, e-post per-aubrey-bugge.tenden@hod.dep.no.  

Pressekontakt for arbeids- og sosialministeren er kommunikasjonsrådgivar Håvard Kleppa, telefon 90 67 76 20, e-post havard.kleppa@asd.dep.no.