Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms:

Staten sikrar eit godt tenestetilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av regionale flyruter på strekningar i Finnmark og Nord-Troms for perioden 1. april 2010 – 31. mars 2013. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av regionale flyruter på strekningar i Finnmark og Nord-Troms for perioden 1. april 2010 – 31. mars 2013. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

- Folk og næringsliv i denne delen av landet vil med dette framleis vere sikra eit godt transporttilbod, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Anbodskontraktane omfattar to ruteområde.

• Ruteområde 1: Ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta.

• Ruteområde 2: Hasvik – Tromsø, Hasvik – Hammerfest, Sørkjosen – Tromsø.

Alle desse rutene blir i dag trafikkerte av Widerøe.

Einerett til drift av flyruter vil – i utgangspunktet – bli gitt til det flyselskapet som har det lågaste kravet til godtgjersle frå staten.

Frist for innlevering av anbod er sett til 19. oktober i år. Val av flyselskap vil så tidlegast skje 21. desember i år, med sikte på at trafikken skal ta til frå 1. april 2010.

Flyselskap som får einerett til drift av rutene må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området. I tillegg må innleverte anbod oppfylle dei krava som Samferdselsdepartementet har fastsett for drift av rutene. Slike krav omfattar mellom anna billettprisar, setekapasitet og krav om kor mange flygingar det skal vere per dag eller veke på dei aktuelle strekningane.

Samferdselsdepartementet har lagt til grunn at det nye anbodet sikrar vidareføring av eit godt tilpassa flyrutetilbod, samstundes som det blir lagt godt til rette for konkurranse mellom flyselskapa om drift av ruteområda. I utlysinga av anbod for drift av flyruter i Finnmark og Nord-Troms er det mellom anna lagt til grunn at maksimalprisane skal vere på same nivå som i inneverande anbodsperiode. Dette betyr at reduksjonen på 20 prosent som blei innført for førre periode, blir oppretthalden. 

Statens kjøp av flytransport skal bidra til stabil sysselsetjing og busetjing i distrikta. Målet med kjøpet er å få eit langsiktig, samfunnsøkonomisk effektivt og likeverdig lufttransporttilbod, som er til nytte for befolkninga og næringslivet, og som reduserer avstandsulemper og bidrar til velfungerande regionar.


For fleire opplysningar – sjå:

  • Anbudsutlysning. Regionale ruteflyginger i Finnmark og Nord-Troms i perioden 1. april 2010 – 31. mars 2013.  
Til toppen