Rekordmange lærarar får ta vidareutdanning

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Aldri før har så mange lærarar fått ja frå kommunane til å ta vidareutdanning. – Vi ønskjer ein skole der elevane lærer meir. Difor satsar vi på lærarane, seier statsminister Erna Solberg.

Kommunane har godkjent 5696 søknader om vidareutdanning i år. Det er over 1000 fleire godkjende søknader enn i fjor.

– Dette er svært gledeleg, og viser at kommunane satsar på lærarane sine. Og berre gjennom å satse på lærarane kan vi gi elevane betre undervisning, seier statsminister Erna Solberg.

Regjeringa aukar tilbodet om vidareutdanning med 1500 studieplassar frå hausten. Den kraftige satsinga på vidareutdanning er ein viktig del av strategien Lærarløftet, som regjeringa la fram i fjor. 

– Målet er at elevane skal lære meir. Gjennom Lærarløftet styrkjer vi lærarutdanningane og skjerpar kravet for å komme inn. Regjeringa vil i tillegg krevje at alle lærarar skal ha utdanning i faga dei underviser i. Difor er det viktig å satse på vidareutdanning for lærarar som er i skolen i dag, seier statsministeren.

Mange ønskjer fagleg påfyll
Fleire lærarar enn nokon gong søkte om vidareutdanning innan fristen i mars i år, og totalt kom det inn heile 8595 søknader.

– Det er tydeleg at lærarane sjølv ønskjer fagleg påfyll. Den store pågangen frå lærarar som vil ta vidareutdanning viser at denne satsinga var nødvendig, og understrekar kor viktig det er at satsinga fortset i åra som kjem, seier statsministeren.

Kommunane har godkjent 5696 søknader om vidareutdanning i år, og totalt kan 5050 lærarar få plass på eit vidareutdanningstilbod frå hausten. Søknadene skal vere ferdig behandla av Utdanningsdirektoratet før sommarferien.

– Dei som ikkje får plass på eit studietilbod denne hausten får nye sjansar. Dette er ei langsiktig satsing frå regjeringa si side, understrekar Solberg.

Satsar på lærarane sine
Staten dekkjer 75 prosent av dei samla utgiftene til vidareutdanning i matematikk og naturfag, og 60 prosent av kostnadene til vidareutdanning i andre fag. Dermed får kommunane ingen vikarutgifter i samband med vidareutdanning i matematikk og naturfag, og betaler berre 15 prosent av utgiftene til vikarar i andre fag.

– At kommunane har sagt ja til så mange søknader frå lærarar som ønskjer fagleg påfyll, viser at regjeringa og kommunane står saman om det største løftet for vidareutdanning for lærarar nokon sinne, og at kommunane satsar på lærarane sine. Saman skal vi bygge framtidas kunnskapsskole, seier statsministeren.

1565 av søknadene som no er godkjende er stipendsøknader, og 4131 er søknader til vikarordninga. Stipendordninga går ut på at lærarane kan få 100.000 kroner for å ta vidareutdanning på fritida, eller kjøpe seg fri frå undervisninga. Stipendordninga gjer dermed tilbodet meir fleksibelt og minskar behovet for vikarar. Staten dekkjer heile stipendordninga.