Riksveg 7 over Hardangervidda: Statens vegvesen skal utarbeide konseptvalutgreiing

- Samferdselsdepartementet vil be Statens vegvesen om å utarbeide ei utgreiing om val av hovudløysing for vidare planlegging av riksveg 7 over Hardangervidda, opplyser samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Samferdselsdepartementet vil be Statens vegvesen om å utarbeide ei utgreiing om val av hovudløysing for vidare planlegging av riksveg 7 over Hardangervidda, opplyser samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I arbeidet med den såkalla konseptvalutgreiinga (KVU) skal ein også vurdere å trekkje inn og ta omsyn til forhold som gjeld aust-vest-transport med jernbane. Spørsmål som knyter seg til villreinen på Hardangervidda kan òg vere ein del av utgreiinga.

Statens vegvesen arbeider med ei overordna utgreiing om aust-vest-samband i Sør-Noreg. Riksveg 7 er ein del av denne utgreiinga. Samferdselsdepartementet reknar med at konklusjonane i ei slik overordna aust-vest-utgreiing vil kunne leggje føringar for framtidig utvikling av riksveg 7.

– Vi meiner samtidig at ei konseptvalutgreiing for riksveg 7 ikkje kan vente. Det blir derfor lagt til grunn at arbeidet med konseptvalutgreiinga for riksveg 7 Hardangervidda kan gjennomførast parallelt med den overordna aust-vest-utgreiinga, men at det likevel vil vere naturleg å leggje fram konseptvalrapporten for riksveg 7 først etter at ein har konkludert i aust-vest-utgreiinga. På denne måten kan ein få logisk samanhengjande konklusjonar mellom den meir overordna aust-vest-utgreiinga og konseptvalutgreiinga, seier samferdselsministeren.

Pressebilete av samferdselsministeren (Flickr)

Pressevakt: 919 14 777 (08-16)