Historisk arkiv

Ringsaker kommune får 700 000 kroner til inkludering i fritidsaktivitetar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Det er viktig å bidra til at barn og ungdom får delta i sosiale fellesskap og aktivitetar. Fritidsaktivitetar er viktige møteplassar utanom skulen, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

I Fritidserklæringa går regjeringa, KS og frivillige organisasjonar saman for ein felles innsats slik at alle barn og unge uavhengig av familieøkonomi kan delta jamleg i fritidsaktivitetar. Som ein drahjelp har Kulturdepartementet no fordelt om lag ti millionar kroner for å stimulere til inkludering og integrering i fritidstilboda rundt om i landet.

- Midla som no er fordelt skal bidra til at barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på minst éin fritidsaktivitet. For å få til gode løysingar må kommunar, lokale foreiningar  og andre viktige samarbeidspartnarar spele på lag. I tildeling av midlar har vi lagt vekt på samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige. Prosjekta skal inspirere andre, så ikkje alle må starte frå "scratch", seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Ringsaker kommune får 700 000 kroner til arbeidet mot barnefattigdom

Pengane skal bidra til at fleire barn fra økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta i organiserte fritidsaktivitetar.  Midla skal gå til å samordning og koordinering av innsatsen frå det offentlege og frivillige organisasjonar slik at barn i familiar med låg inntekt kan delta i fritidsaktivitetar.

- Mange kommunar, frivillige organisasjonar og idretten gjer i dag mykje for å inkludere barn og unge i aktivitetane sine. Gjennom felles innsats i lokalmiljøa, oppnår vi enda breiare deltaking. Tildelinga til Ringsaker synleggjer dei praktiske og gode løysingane ein har fått til lokalt, seier kulturminister Hofstad Helleland.