Samferdselsministeren til Hedmark og Oppland for å få innspel om ny Nasjonal transportplan

- Vi er i full gang med å samle inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet, og no står Hedmark og Oppland for tur. Heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk, auka vedlikehaldsinnsats og ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er viktige stikkord for ny Nasjonal transportplan. Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen, som skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at han tysdag 31. mai reise til Hedmark og Oppland. På programmet står mellom anna eit innspelsmøte for næringslivet om ny Nasjonal transportplan (NTP) i regi av NHO. NTP-turneen til politisk leiing i Samferdselsdepartementet starta i april i år med ei reise til Agder-fylka. Innspelsmøtet med næringsliv og politikarar frå Hedmark og Oppland er det åttande på turneen.

- Erfaringane viser at i dei tilfella der ein region ikkje sjølv klarer å prioritere, så blir den jobben likevel gjort, men då av politikarar frå andre delar av landet. Det er difor særleg viktig at næringsliv og politikarar i dei ulike regionane hjelper oss med å prioritere dei viktigaste prosjekta fyrst, samstundes som alt skal passe inn i ein samanheng på lang sikt. Som regel er det fleire ønskje om prosjekt enn det ein klarer gjennomføre på få år, og vi skal leggje fram ein transportplan for heile landet, seier samferdselsministeren. 

Program for samferdselsministeren
På turen 31. mai har samferdselsministeren følgjande program:  

10:00 – 12:00     Innspels- og høyringsmøte i regi av NHO om NTP 2018-2029 Stad: Mustad næringspark, Raufossvegen 40, Gjøvik

12:30 – 13:30     Delta på Norsk Lastebileiers Forbund sitt opplæringskurs "Venner på veien". Stad: Hoffsvangen skole, Tømmerholsvegen 322, Lena.

Journalistar og fotografar er velkomne til å delta. Pressekontakt for samferdselsministeren på turen er Frøydis Tornøe, Kommunikasjonseininga, Samferdselsdepartementet, tlf.: 970 97 855, e-post: froydis.tornoe@sd.dep.no.

 

For fleire opplysningar – sjå:

Følg debatten om NTP på Twitter: #transportplan og #ntp

Send oss gjerne innspel på Facebook