Historisk arkiv

Skal gje råd om openheit i forvaltninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Eit nytt uavhengig råd skal støtte regjeringa i arbeidet med ei meir open forvalting. I rådet sit Joachim Nahem frå International Law and Policy Institute, Guro Slettemark frå Transparency International Noreg og Liv Freihow frå IKT-Noreg.

- Openheit er viktig for å skape ei effektiv forvalting som innbyggjarane har tillit til. Rådet skal fremje diskusjonar mellom forvaltinga og det sivile samfunnet om demokrati, openheit og arbeid mot korrupsjon, seier statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Paul Chaffey. 

Noreg har slutta seg til Open Government Partnership (OGP) som blei oppretta etter initiativ frå president Barack Obama. OGP er eit internasjonalt samarbeid for å styrkje openheit, demokrati , bruk av teknologi for å gjere data tilgjengeleg og arbeid mot korrupsjon. 65 land deltek i samarbeidet kor det sivile samfunnet er ein likeverdig part med forvaltinga. 

Rådet skal vere bindeleddet mellom forvaltinga og det sivile samfunnet i Noreg, og er valt av KMD. Rådet skal mellom anna gi innspel til dei handlingsplanane Noreg har i regi av OGP, involvere relevante aktørar og utveksle kunnskap og erfaringar med andre OGP-aktørar internasjonalt. Rådet veljer sjølv kva dei vil gje råd og innspel om.

- Vi ønskjer å sjå til at det Noreg lover overfor OGP blir konkret og målbart. Noreg blir av mange sett som eit førebilete på dette området. Då må vi vise vilje til å ta nye steg for å sikre eit enda meir ope samfunn. Vi har mange steinar å snu, og ser fram til å ta fatt på oppgåva, seier Joachim Nahem frå rådet.