Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Snart klart for amerikanske bilskilt i Noreg

- Bilentusiastane har etterspurt det lenge, derfor foreslår vi no å gjere det mogleg å bruke bilskilt med amerikanske størrelse i Noreg. I tillegg er det foreslått at folk skal sleppe å møte opp på trafikkstasjonen for å hente bilskilt og bevise at bilen kan nytte små bilskilt. Å ha bil som hobby skal ikkje straffast, vi skal legge til rette for det, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Vegdirektoratet har no sendt på høyring eit forslag som skal opne opp for å tillate bilskilt med amerikansk størrelse. Dette gjeld altså skilt med størrelsen 30,38 x 15,36 cm. Bokstavar og tal skal plasserast på to rader.

Bileigarane må bestille skilta frå bilskiltprodusenten som erstatningsskilt. Dette gjeld både ved førstegangsregistrering i Noreg og ved bytte frå anna bilskilt.

I høyringa foreslår Vegdirektoratet å gjere fleire ting enklare for dei som treng små bilskilt eller bilskilt med amerikansk størrelse. Blant anna at bilskilta kan sendast i posten, slik at eigaren slepper å møte opp på trafikkstasjonen. Dei foreslår òg å gå bort frå kravet om at bilen fysisk må visast fram på trafikkstasjonen for å bekrefte at den trenger å bruke andre bilskilt enn dei vanlege. I staden skal bildedokumentasjon vere godt nok.

Høyringsfristen er 22. november. Endringane i regelverket skal etter planen innførast neste vår.

Les heile forslaget frå Vegdirektoratet.

- Vi ønsker òg å gi moglegheit for å lage personlege bilskilt til dei bilskilta som har amerikansk størrelse, og håper å få sendt ut ei høyring neste år, seier samferdselsministeren.

Til toppen