Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Stabil, låg arbeidsløyse i 2019

– Vi må tilbake til 2008 for å finne ei like låg arbeidsløyse som vi har hatt i 2019, seier arbeids – og sosialminister Anniken Hauglie.

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at talet på ledige i desember heldt seg om lag uendra frå forrige måned, med ei knapp auke på om lag 200 ledige. Det svarar til ei arbeidsløyse på 2,3 prosent.  Summen av heilt ledige og ledige på tiltak heldt seg òg stabilt frå førre månad.

– Vi ønskjer at enda fleire skal kome seg i jobb framover, og regjeringa har lagt fleire gode verkemiddel på bordet, seier statsråden. Det siste året har arbeidsløysa falle mest for ingeniør – og IKT-fag, og på Vestlandet.

Sjå nav.no for meir info. 

 

 

Til toppen