Stans i driftstilskotet til Islamsk Råd Norge

Kulturdepartementet ber Stortinget samtykke til at andre rate av driftstilskotet til IRN i 2017 ikkje blir utbetalt, og til at pengane i staden skal blir lyste ut til dialogtiltak på tru- og livssynsfeltet.

Kulturdepartementet fremma i dag ein proposisjon om driftstilskotet til IRN.

Departementet meiner IRN ikkje er i stand til å fylle rolla si som paraplyorganisasjon, dialogpartnar og samarbeidspartnar for tru- og livssynsamfunn, organisasjonar, sivilsamfunnet og det offentlege.

- Departementet meiner IRN ikkje lengre oppfyller formålet med midla. Når andre raten av driftstilskotet for 2017 ikkje blir betalt ut, er det fordi føresetnadene for tilskotet, etter vår vurdering, ikkje lengre er der. Men det er ein føresetnad for vedtaket at Stortinget stiller seg bak det, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Dialogen med muslimske trussamfunn er svært viktig for det norske samfunnet. Vi vil ha fram fleire muslimske aktørar og røyster.

Muslimar og muslimske trussamfunn skal delta aktivt i dialog med andre trus- og livssynssamfunn, organisasjoner og styresmakter. Det har vi mange gode døme på rundt om i landet, seier kulturminister Hofstad Helleland.

- Når departementet rår Stortinget til at IRN ikkje lengre skal få statsstøtte, er det for å sikre at religionsdialogen kan halde fram. Vi må hindre at dialogarbeidet stoppar opp fordi IRN ikkje lenger oppfyller rolla si som dialogpartnar. Vi ønskjer å bruke pengane slik at fleire får høve til å involvere seg. Midla skal kome andre dialogprosjekt til gode, difor lyser vi ut desse midla i dag, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Utlysing av tilskot til dialogtiltak