Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statleg tilskot: Over 17 000 husstandar får nytt eller forbetra tilbod om breiband

- Regjeringa satsar på digitalisering, slik at alle kan ta nye digitale tenester i bruk. Vi må difor legge til rette for framtidsretta breibandnett i heile landet. Tildeling av statlege midlar i 2018 bidrar til at over 17 000 husstandar får eit nytt eller forbetra i breibandtilbod i distrikta, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I dag har nær 100 prosent av husstandane tilbod om breiband i form av fast- eller mobilt breiband. 82 prosent av husstandane har tilbod om breiband med 100 Mbit/s nedlasting eller meir. Stortinget løyvde 149,7 millionar kroner over statsbudsjettet til tilskot til utbygging av breiband i 2018. På vegne av Samferdselsdepartementet tildeler Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit midlar til utbygging av breiband i område utan tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for utbygging.

Dei kommersielle aktørane investerer årleg rundt 10 milliardar kroner i mobil- og breibandnett i Norge. I tillegg gir både stat, fylkeskommunar og kommunar støtte til prosjekt i distrikt der det ikkje er kommersielt lønnsamt å byggje ut. Tildeling av statlege midlar i 2018 bidrar til å gi over 17 000 husstandar eit nytt eller forbetra tilbod om breiband og tilgang til framtidas tenester innafor alt frå skule til eldreomsorg,

Skal framleis vere i verdsklasse
I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet har regjeringa laga nye reglar som kan bidra til lågare kostnadar for utbygging av breiband, slik at folk og næringsliv får meir breiband for kvar krone som blir investert. Mange kommunar og fylkeskommunar bidreg òg med eigne midlar og med annan innsats.

- Utbygginga av 5G-nettet vil om nokre få år legge til rette for betre kapasitet, raskare nett og heilt nye tenester. Det er summen av alt dette og innsatsen til aktørane i marknaden som skal gjere at Noreg framleis skal ha eit tilbod om fast og mobilt breiband i verdsklasse, seier Dale.

For fleire opplysningar - sjå:

Til toppen