Statsministerens program veke 10

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2017 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell frå måndag 7. mars til og med onsdag 9. mars.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 7. – onsdag 9. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2017 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell frå måndag 7. mars til og med onsdag 9. mars. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886, kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 10. mars
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg taler på årskonferansen til Norsk olje og gass på Chateau Neuf i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 14.00: Statsministeren taler på Aktualitetsuka på Universitetet i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Fredag 11. mars
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg og fiskeriminister Per Sandberg får overlevert NHOs innspel til regjeringas bioøkonomistrategi, på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Ved slutten av møtet er deltakarane tilgjengelege for pressefolk. Oppmøte for journalistar og fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 11.45.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 13.00: Statsministeren møter Europarådets generalsekretær Thorbjørn Jagland til lunsjmøte på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.30.

Kort pressetilgjenge etter møtet, om lag kl. 14.15. Oppmøte for presse seinast kl. 13.45.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 17.30: Statsministeren taler til fylkesårsmøtet i Oppland Høgre på Quality Hotel Fagernes.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Laurdag 12. mars
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg møter Finlands statsminister Juha Sipilä til arbeidslunsj på Holmenkollen Park hotell. Tema for samtalane er mellom anna bilateralt samarbeid, migrasjon, nordområda og nordisk samarbeid. 

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.40

Dei to er tilgjengelege for pressa etter lunsjen, om lag kl. 14.20. Oppmøte for presse seinast kl. 14.00. Presse som ønskjer å delta må akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 11. mars kl. 12.00. 

Kl. 15.30: Statsminister Solberg og statsminister Sipilä ser herrestafetten i VM i skiskyting i Holmenkollen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 13. mars
Kl. 13.00 og kl. 16.00: Statsministeren er til stades på fellesstarten for kvinner og fellesstarten for menn i VM i skiskyting i Holmenkollen. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.