Statsministerens program veke 16

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 17. april
Statsminister Erna Solberg møter Indias statsminister Narendra Modi i Stockholm. Solberg deltek også i ein arbeidsmiddag saman med den indiske statsministeren og dei andre nordiske statsministrane. Akkrediteringsfristen er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no.

Onsdag 18. april
Kl. 12.30: Statsministeren taler på Havbruk 2018 på Radisson Blu Plaza i Oslo. Konferansen vert arrangert av Forskingsrådet i samarbeid med Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Kl. 14.00: Statsministeren taler på fagkonferansen til NHO Service og Handels bransjeforeining Arbeid og inkludering. Stad: Scandic Oslo Airport Gardermoen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Laurdag 21. april
Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer kvinnenettverka Inspiro og Lederforum Sunnmøre i Ålesund næringsforening. Adresse: Quality Waterfront, Nedre Strandgate 25-27 i Ålesund.

Kl. 18.30: Statsministeren besøkjer ein installasjon i Brosundet i Ålesund som er knytt til FNs berekraftsmål om liv under vatn. Regionen som består av kommunane Giske, Sandøy, Sula, Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund er den første i Noreg som nyttar dette berekraftsmålet som rammeverk når dei utviklar ein plan for å ta vare på lokale havområde. Ordførarane i desse kommunane deltek på besøket.

Kl. 21.00: Statsministeren deltek på nattevandring for FNs berekraftsmål til toppen av Aksla i Ålesund. Meir informasjon om nattevandringa på nettsidene til Norad.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Søndag 22. april
Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer bønder som bur i det rasutsette området ved «Mannen» i Rauma kommune.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Norsk Tindesenter på Åndalsnes. Adresse: Havnegata 2.

Kl. 14.10: Statsministeren får omvising på Rauma Helsehus. Digitalisering og velferdsteknologi er tema for besøket. Adresse: Strandgata 5, Åndalsnes.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.