Statsministerens program veke 21

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 23. mai
Kl. 09.30: Statsminister Erna Solberg held opningstalen på Oslo Freedom Forum på Oslo Nye Teater.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 14.30: Statsministeren deltek på opninga av Haukeland barne- og ungdomssykehus. Adresse: Haukelandsbakken 15 i Bergen.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 21.00: Statsministeren gjenopnar KODE 1 i Bergen. Adresse: Nordahl Bruns gate 9.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 24. mai
Kl. 10.00: Statsministeren taler ved opninga av Bjerknessenteret i Bergen. Adresse:. Allègaten 70.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 12.30: Statsministeren er til stades ved opninga av festspela i Bergen på Torgalmenningen. Tilgjengeleg for presse i etterkant.

Kl. 14.15: Statsministeren deltek på Bergen kommune si lunsj i samband med festspela i Bergen. Stad: Håkonshallen.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Torsdag 25. mai
Statsministeren deltek på NATO-toppmøtet i Brussel.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Søndag 28. mai
Kl. 18.00: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Brann og Aalesund på Brann stadion i Bergen.

Måndag 29. – tydsag 30. mai - Uformelt nordisk statsministermøte
Noreg har i 2017 formannskapen i Nordisk ministerråd og statsminister Erna Solberg er vertskap for sine nordiske statsministerkollegaer i Bergen 29. og 30. mai. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Merk: Journalistar som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg seinast tysdag 23. mai kl. 12.