Statsministerens program veke 27

Denne veka deltek statsministeren mellom anna på G20-toppmøtet i Hamburg.

Fredag 30. juni – måndag 3. juli
Erna Solberg er på rundreise på Austlandet. Sjå eiga pressemelding for detaljar.

Tysdag 4. juli
Kl. 09.40: Statsministeren signerer gratulasjonsprotokollen på Slottet  i samband med dronning Sonjas 80-årsdag.

Kl. 12.00: Statsministeren er til stades ved avdukinga av DNTs gåve til dronning Sonjas 80-årsdag og deltek deretter på opninga av Dronning Sonjas Kunststall. Regjeringa si gåve til kongeparets 80-årsdagar er ein digital installasjon basert på dronning Mauds private fotoalbum og utvalgte drakter. Installasjonen blir ein del av kunststallen.

Les meir om regjeringa si gåve her.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 14.00: Statsministeren møter representantar for sivilsamfunn og organisasjonar i samband med det komande G20-toppmøtet i Hamburg. Organisasjonane har delteke i prosessen fram mot toppmøtet og vil orientere statsministeren om sine innspel til G20.  

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 19.30: Statsministeren deltek på middag på Bygdø kongsgård i samband med dronning Sonjas 80-årsdag.

Onsdag 5. juli
Kl. 14.45: Statsministeren taler på Kongsberg Jazzfestivals næringslivsseminar Bebop & Business på Quality Grand Hotel i Kongsberg.

Kl. 16.15: Statsministeren opnar Kongsberg Jazzfestival på Kirketorget i Kongsberg.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 6. – laurdag 8. juli
Statsministeren og finansministeren deltek på G20-toppmøtet i Hamburg. Tyskland har invitert Noreg som gjesteland i G20 i 2017. Fristen for akkreditering har gått ut.

Les meir om Noregs rolle som gjesteland i G20 her.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.