Historisk arkiv

Statsministerens program veke 29

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Måndag 18. og tysdag 19. juli
Statsminister Erna Solberg er i New York, der ho deltek på eit høgnivåmøte om FNs globale bærekraftsmål.

Sjå også Solberg til FN 18. og 19. juli.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. 

Fredag 22. juli
Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement som markerer femårsdagen for terrorangrepa 22. juli 2011.

Kl. 09.30: Minnemarkering i regjeringskvartalet
Statsministeren deltek på minnemarkeringa i regjeringskvartalet, på Johan Nygaardsvolds plass (området mellom høgblokka og Akersgata).

Tor-Inge Kristoffersen frå den nasjonale støttegruppa, AUF-leiar Mani Hussaini og statsminister Erna Solberg held kvar sin tale. Deretter legg kronprinsparet og statsministeren ned kvar sin krans. 

Etter arrangementet, om lag kl. 10.00, er statsministeren tilgjengeleg for presse. Det blir sett av eit eige område for presse. Journalistar og fotografar må vise fram pressekort for å få tilgang til området.

Kl. 11.00: Gudsteneste i Oslo domkyrkje
Statsministeren deltek på gudsteneste i Oslo domkyrkje. Temaet for gudstenesta er «Fredstanker, framtid og håp». Sjå også Gudstjeneste ved 5-årsmarkeringene etter 22. juli-hendelsene.

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya
Statsministeren er til stades på minnemarkeringa på Utøya. Det blir blant anna kransenedlegging ved kronprinsen, statsministeren, AUF-leiaren, Støttegruppa og leiaren i Arbeidarpartiet. Minnemarkeringa blir dekka av NTB og NRK/TV2.

Fleire detaljar om dei ulike markeringane finn du her: Minneseremonier 22. juli 2016.

Pressekontaktar for statsministeren:
Politisk rådgivar Hans Christian Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.