Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministerens program veke 3

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 12. og måndag 13. januar
Statsminister Erna Solberg deltek på Høgres felleskonferanse, på Sundvolden Hotel i Hole. Presse kan vere til stades på statsministerens innleiing, søndag om lag kl. 13.00.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter innleiinga.

Adresse: Dronningveien 2, Krokkleiva.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected].

Måndag 13. januar
Kl. 14.30: Statsministeren taler på Solamøtet i Rogaland. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 15.30. Stad: Clarion Hotel Air, Utsolaarmen 16.

Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer Boost.Ai i Sandnes. Verksemda utviklar virtuelle agentar for privat og offentleg sektor. Adresse: Koppholen 6.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post [email protected].

Tysdag 14. januar
Kl. 11.45: Statsminister Erna Solberg besøkjer legemiddelbedrifta Curida AS på Elverum. Adresse: Solbærvegen 5.

Kl. 13.30: Statsministeren er til stades på Agenda Innlandet-konferansen. Ho taler om lag kl. 14.15. Konferansen går føre seg på Hamar kulturhus. Adresse: Torggata 100.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 95 97 71 53, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Fredag 17. januar
Kl. 15.45: Statsministeren og forsvarsministeren deltek på omvising om bord på eit av skipa frå to av NATOs maritime styrkar som er i Oslo. Dei vil mellom anna møte NATOs styrkesjefar om bord. Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg ved å sende ein e-post til [email protected] innan torsdag 16. januar. Oppmøte for presse på Vippetangen ved KNM Otto Sverdrup seinast klokka 15.15.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon 90 97 38 91, e-post [email protected].

Pressekontakt for NATO er kaptein Roar Wold, telefon 915 82 902.

Til toppen