Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministerens program veke 32

Oppdatert 5. august kl. 12.20: Tysdag 6. august er lagt til.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 4. august
Kl. 12.15: Statsminister Erna Solberg besøkjer sumarleiren til Unge Høgre på Hove utanfor Arendal. Adresse: Hoveveien 100, Færvik.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.

Måndag 5. august
Kl. 18.00: Statsministeren deltek i partileiarduell mot Jonas Gahr Støre på Blå i Oslo. Adresse: Brenneriveien 9C.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.

Tysdag 6. august
Statsminister Erna Solberg besøkjer Trøndelag.

Kl. 09.45: Stav Gjestegård ved E6. Tema er vegbygging. Adresse: Midtsandhøgda 3, Malvik.

Kl. 10.45: Vitensenteret i Trondheim. Adresse: Kongens gate 1.

Kl. 12.00: Heimdal. Tema er skuleveg. Adresse: Kvenildveien 9A.

Kl. 12.45: Orientering om Melhus kommune sitt prosjekt om å legge til rette for heimbuande eldre. Adresse: Rådhusvegen 12, Melhus.

Kl. 14.30: Valkamp-opning i Trondheim sentrum. Adresse: Øvst i Nordre gate.

Kl. 16.30: Valkamp-opning i Stjørdal sentrum. Adresse: Stjørdal torg.

Kl. 17.30: Statsministeren besøkjer Trøndelag politidistrikt, der ho får ei oppdatering om status i arbeidet med nærpolitireforma, og besøkjer Politiets regionale treningssenter på Værnes. Adresse: Værnes garnison, Stjørdal.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.

Torsdag 8. august
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på fotballkamp mellom gatelagfotballen og regjeringa.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie utfordra i juni gatelagfotballen til kamp. Utfordringa ble teke imot med opne armar. Fotballstiftelsen, som organiserer gatelaga, svarte med å invitere regjeringa til kamp mot gatelaget til Fredrikstad FK på Ullevaal Stadion.

Gatelaga er eit lågterskeltilbod for og med rusmiddelavhengige med mål om eit betre liv med mindre rus. Dei tilbyr eit fullverdig fotballtilbod 2-3 gonger i veka, med måltid og arbeidsretta oppfølging.

Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 6. august kl. 12.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Til toppen