Statsministerens program veke 43

Statsministeren besøkjer laurdag 17. oktober det nye mottakssenteret for asylsøkarar i Råde i Østfold.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Laurdag 17. oktober
Kl. 12.45: Statsministeren besøkjer det nye mottakssenteret for asylsøkarar i Råde i Østfold. Presse som ønskjer å dekke besøket må møte seinast kl. 12.15. Stad: Jonstein (Tidlegare Smart Club ved avkøyringa til Råde).

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Tysdag 20. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren taler ved opninga av regjeringas nasjonale dialogkonferanse om integrering. Stad: Grand hotell i Oslo. Sjå konferansens nettside for program og fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 12.00: Statsministeren er til stades når fleire næringslivsaktørar lanserer klimarapporten «Norge 203040 – Forretningsmuligheter». Stad: Storebrand, Professor Kohts vei 9, Lysaker.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Telenor på Snarøya. Stad: Telenor Expo, bygg D.

Pressekontaktar for dei to besøka er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 21. og torsdag 22. oktober
Statsminister Erna Solberg deltek på kongressen til European People’s Party (EPP) i Madrid.

Pressekontakt er statssekretær Ingvild Stub, telefon 920 14 897.

Fredag 23. oktober
Kl. 13.00: Statsministeren taler på 70-årsmarkeringa til FN i regi av FN-organisasjonane i Noreg. Stad: Ingensteds, Brenneriveien 9 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Laurdag 24. oktober
Kl. 12.15: Statsministeren opnar Tresfjordbrua i Vestnes i Møre og Romsdal.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.