Statsministerens program veke 48

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på årskonferansen til Likestillings- og diskrimineringsombodet i Oslo.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 28. november
Kl. 09.15: Statsminister Erna Solberg opnar årskonferansen til Likestillings- og diskrimineringsombodet på Sentralen i Oslo. Tema for konferansen er hatefulle ytringar. Adresse: Øvre Slottsgate 3.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post mak@smk.dep.no.

Kl. 19.00: Statsministeren er til stades på haustkonserten til Statoil i Det norske teateret i Oslo.

Onsdag 29. november
Kl. 09.00: Statsministeren møter elevar som deltok på ein innovasjonscamp om FNs berekraftsmål på FN-dagen. Elevane presenterer vinnarbidraga sine for statsministeren. Stad: Statsministerens kontor, Glacisgata 1.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Søndag 3. desember
Kl. 13.15: Statsministeren er til stades på cupfinalen i fotball for herrar på Ullevaal Stadion i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.