Statsministerens program veke 50

Statsministeren inviterer denne veka til oppsummerande halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 13. desember
Kl. 07.40: Statsminister Erna Solberg besøkjer Alta vidaregåande skule. Adresse: Skoleveien 15.

Kl. 08.50: Statsministeren er til stades under Lucia-feiringa i Breidablikk barnehage i Alta.

Kl. 10.00: Statsministeren deltek på opninga av E6 Alta vest, Møllenes-Jansnes, på Storvikeidet. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 10.55.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 15.00: Statsministeren held innlegg på Oslo Cancer Cluster i samband med deira 10- års jubileum. Adresse: Ullernchausseén 64/66 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 14. desember
Kl. 11.00: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. 

Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 10.00.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.00. 

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Laurdag 17. desember
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen deltek på opninga av nytt dobbeltspor og ny togstasjon i Holmestrand.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.