Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg besøkjer mellom anna Telemark og Vestfold denne veka.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 24. februar
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen og næringsminister Monica Mæland møter næringslivet for å diskutera blant anna  produktivitet, kostnadsutfordringar, kompetanse og forenkling. Dette er del av ein møteserie der næringslivet vert bedne om å koma med innspel til korleis norsk konkurransekraft kan betrast.

Deltakarar: NHO, LO, Norsk Industri, Fellesforbundet, Norsk Hydro, Ferd, DNB, UiO, Nordea, Telenor, Benteler Aluminium Systems, Norway Pelagic, Janus, Hewlett-Packard Norge, Norske Skog, Nordic Mining, Scandinavian Business Seating og Lerøy Seafood. Jørn Rattsø, som leiar Produktivitetskommisjonen, deltek også i møtet.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30.

Etter møtet, om lag kl. 15.30, er møtedeltakarane tilgjengelege for pressa. Oppmøte for presse ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 15.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 25. februar
Statsministeren besøkjer Telemark og Vestfold saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kl. 09.45: Besøk på Notodden voksenopplæring og orientering om prosjektet «Utdanningsreisen, min vei til fagbrev». Adresse: Skolegata 11, Notodden.

Kl. 11.55: Besøk på Gimsøy ungdomsskule i Skien og orientering om skulens mattesatsing. Adresse: Grogata 20, Skien.

Kl. 12.50: Besøk hjå bedrifta Bilfinger, der statsministeren og kunnskapsministeren møter elevar som deltek i prosjektet «frå talent til fagarbeidar» med vekt på praktisk opplæring i bedrift.  Adresse: Hydroveien 55, Porsgrunn.

Kl. 15.15: Besøk på Horten vidaregåande skule og orientering om «Den virtuelle matteskulen», eit tilbod til elevar med særleg interesse for matte. Adresse: Bekkegata 2/Skippergata 6, Horten.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen,
telefon 909 38 987.

Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Dino Prohic, telefon 922 25224

Onsdag 26. februar
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på Kvinnepolitisk konferanse for H, FrP, KrF og V. Stad: Håndverkeren i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Fredag 28. februar
Kl. 17.30: Statsministeren taler på eit møte i regi av Akershus KrF. Stad: Sørmarka kurs- og konferansesenter.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Laurdag 1. mars
Kl. 11.00: Statsministeren taler på eit møte for studentleiarar hjå Norsk studentorganisasjon. Adresse: Holbergsgate 1, Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.