Statsråd Dale møtte Hogan om økologiregelverk

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte i dag landbrukskommisær Phil Hogan i Brussel for å diskutere innlemming av økologiregelverket i EØS-avtalen. Dale understreka at det er viktig å legge til rette for økologisk produksjon under norske forhold.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale i møte med EU-kommisær for landbruk Phil Hogan. Foto: Hilde Sandvær, EU-delegasjonen

- Noreg har hatt gode argument for nasjonale tilpassingar til EU-regelverket på økologiområdet. Eg opplever at Hogan synte forståing for argumenta våre, men at han samtidig er oppteken av  interessene til EU-landa og like reglar i heile EØS-området. Eg hadde håp om større fleksibilitet frå EU. No må vi ta endeleg stilling til innlemming av økologiregelverket  ut frå dei tilbakemeldingane vi fekk, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Det har over fleire år vore drøftingar om tilpassingar til EU sitt økologiregelverk for både Noreg og Island. Frå norsk side har det vore ønskeleg med nasjonale tilpassingar til reglane om økologisk saueproduksjon og merking av opphavet til økologiske produkt.

Se video med landbruks- og matminister Dale hos Norges Delegasjon til EU på Facebook

Kommisær Hogan med team. Foto: Foto: Hilde Sandvær, EU-delegasjonen
Landbruks- og matminister Dale med EU-ambassadør Oda Helen Sletnes til venstre. Foto: Hilde Sandvær, EU-delegasjonen.