Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Statsråd Helleland vitjar Alta, Kirkenes, Storskog, Tana og Båtsfjord

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland vitjar Troms og Finnmark fylkeskommune 2.-4. september.

Program

Onsdag 2. september

12.30 – 14.00 Paneldebatt i regi av NHO Arktis

I samband med NHO si lansering av vegkart for framtidas næringsliv, vil statsråden delta i ein panelsamtale i regi av NHO Arktis. Tema for samtalen er klima og offentleg/privat-samarbeid

Sted: Altaposten

14.00 – 15.00 Helleland får innspel frå reiselivsnæringa med fokus på covid-19- situasjonen

Sted: Thon hotell Alta, Labyrinten 6.

16.00 - Helleland besøker Sami siida

Reiselivsbedrift som let turistar få oppleva og læra om samisk kultur.

Sted: Øytunveien 4, Alta

Torsdag 3. september

08.30 – 09.15 Møte med Sør-Varanger handels- og serviceforening i gågata

Helleland møter lokalt næringsliv i Kirkenes for å høyra om korleis dei har vorte påverka av den pågåande korona-situasjonen.

Sted: Kirkenes handelspark, Kirkenes.

09.30 – 10.30 Besøker Datakortet AS

Helleland besøker Datakortet som leverer kartleggings- og sertifiseringstester.

Sted: Storgata 5, Kirkenes.

11.45 – 12.30 Den digitale grunnmuren i Finnmark

I år får Finnmark 90 millionar kroner til programmet for forsterka ekom, som gir 10 nye kommunar eit styrka område der lokal kriseleiing sit. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet vil presentera tiltaka for distrikts- og digitaliseringsministeren.

Sted: Thon Hotel, Johan Knudtzens gate 11 (basestasjon på taket av hotellet).

12.50 – 13.30 Møte med Sør-Varanger utvikling

Helleland vil snakka med Sør-Varanger utvikling om omstillingsprosjekta som får støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Sted: Kiellands Torkildsens gate 1.

14.45 Storskog grensestasjon

Helleland møter Barentssekretariatet for å høyre om dei konkrete samarbeidsprosjekta, som folk-til-folk-samarbeidet. Grensekommiseriatet vil holde ein kort presentasjon og omvisning.

Sted: Storskog grensestasjon

16.50 – 17.50 Tana sameskole

Helleland møter tilsette og elevar frå Tana sameskule for å høyra korleis dei jobbar for å fremma samisk språk. Helleland er ansvarleg i regjeringa for samiske spørsmål.

Sted: Per Fokstad Geaidnu 60, Tana.

18.00 – 18.45 Indre Finnmark tingrett

Indre Finnmark tingrett vart etablert for å ta vare på samisk språk innanfor domstolane.

Sted: Tana Bru, Tana.

Fredag 4. september

08.00 – 09.30 Møte med Båtsfjord Handelsstand si fiskerigruppe på Lagunen

09.30 – 12.00 Bedriftsbesøk

Helleland besøker AS Båtsfjordbruket/Lerøy Seafoods, Barents Skipsservice og Liholmen Biogass.

Pressa er invitert med på alle besøka, og statsråden er tilgjengeleg for intervju.

Politisk rådgjevar Kaia Jarlsby er med på reisa, 977 94 088.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00