Statsråd Sanner opnar Valdirektoratet
Pressemelding | Dato: 27.01.2016 | Kommunal- og moderniseringsdepartementet
| Nr: Presseinvitasjon
Dette innhaldet er meir enn 5 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner står for den offisielle opninga av Valdirektoratet 29.01. i Tønsberg.
Media er velkomne til å vere med.
Tid: Fredag 29. januar kl. 11
Stad: Hjå Direktoratet for sikkerhet og beredskap, Rambergveien 9, Tønsberg i Vestfold
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00