Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Statsråd Tybring-Gjedde til Øvelse Nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Samfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde deltek på Øvelse Nord i Bodø, Gildeskål og Fauske torsdag 25. april.

Statsråden vil vere tilgjengeleg for pressa undervegs i øvinga og ved NORDLAB, Nord universitet i Bodø kl. 14.

Om øvinga

Øvelse Nord er den største sivile og militære krise- og beredskapsøving i Noreg, og den største kriseøvinga i regi av eit universitet i verda. Øvinga vil omfatte rundt 1 500 personar og engasjere militært og sivilt materiell for 4,5 milliardar kroner, inkludert fem skip og eit større tal helikopter.

Øvinga vil ta i bruk den same evakueringsmodellen som blei under brukt i redningsoperasjonen av cruiseskipet «Viking Sky». Denne blei utvikla etter havariet til «Estonia», og Øvelse Nord var den fyrste i landet til å øve på denne modellen i 2016.

Pressebåt

Nord universitet har eigen pressebåt for fotografering, filming og intervjuar. Pressebåten vil gå frå gjestebryggja i Bodø torsdag kl. 08:30 og vere på plass i øvingsområdet før alarmen går. For deltaking og spørsmål, ta kontakt med Hege Eilertsen på 911 58 054 eller hege.eilertsen@nord.no.

Pressekontakt for samfunnssikkerhetsministeren

Guttorm Aanes, 99 38 44 38, guttorm.aanes@jd.dep.no