Statsråd Vidar Helgesens program veke 45

Priv. til red.:

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 3. november
Kl. 10.00: Statsråd Helgesen held den halvårlege orienteringa for Stortinget om viktige EØS/EU-saker. Stad: Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Tysdag 3. – onsdag 4. november
Statsråd Helgesen vitjar Berlin. Han deltek ved utdelinga av Willy Brandt-prisen. Han møter også mellom anna leiaren for forbundskanslaren sitt kontor, Peter Altmaier, og forbundskanslaren sin europapolitiske rådgjevar, Dr. Uwe Corsepius. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Berlin.   

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Tordag 5. november
Statsråd Helgesen vitjar London. Han møter mellom anna europaminister David Lidington og immigrasjonsminister James Brokenshire. Han deltek også på konferansen Economist's Energy Summit. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Fredag 6. november
KL 10.00 Statsråd Helgesen held innlegg på Europakonferansen 2015: Make trade, not war. Stad: Oslo (Thon Hotel Vika Atrium).

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.