Statssekretær Danielsen til Karmøy

Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Trine Lotherington Danielsen besøker Karmøy i Rogaland fredag 10. september.

Statssekretær Danielsen

– På Karmøy er folk og næringsliv oppe både seint og tidleg for å skape verdiar for sjømatnasjonen Noreg. Her blir det mellom anna laga fiskemjøl av høg kvalitet og moderne fiskereiskap. I tillegg blomstrar det her ei produktiv oppdrettsnæring. Eg gler meg til å treffe folk frå Karmøy og høyre meir om moglegheitene som dei skaper her, seier statssekretær Trine Lotherington Danielsen.

Program: 

09.30: Møte med fiskebåtreiarlaget Cetus AS med kontor i Kopervik.

11.45: Besøk ved fiskeri- og containerhamn på Husøy, og omvising på det nye fiskemjøl- og fiskeoljefabrikken ved Karmsund Protein.

12.30: Besøk ved fiskereiskapsprodsent Åkrehamn Trålbøteri ved Karmsund Fiskerihavn.

13.30: Omvisning ombord den moderne fisketrålaren M/S Cetus.

16.00: Møte med fiskerinæringa, fiskarar, fiskebåtreiarar og utstyrsleverandørar i auditorium ved Husøy Fiskerihavn.