Svar på skriftleg spørsmål om beredskap og eventuelle økonomiske tiltak for reindriften i Troms og Finnmark

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nancy Porsanger Anti (Sp) om kva vil statsråden gjere for å sikre ein betre beredskap i reindriftsområda i Troms og Finnmark for framtida.

Spørsmål frå stortingsrepresentant Nancy Porsanger Anti til skriftleg svar - Spørsmål nr. 469

Eg syner til brev frå Stortingets president datert 7. desember 2017 frå representanten Nancy Porsanger Anti (spørsmål nr. 469).

Spørsmålet er som følgjer:

"Hva har statsråden besluttet vedrørende beredskap og eventuelle økonomiske tiltak for reindriften i Troms og Finnmark, som sist vinter/vår var rammet av en alvorlig beitekrise, og hva vil statsråden gjøre for å sikre en bedre beredskap i reindriftsområdet for fremtiden."

Reindrifta er avhengig av naturlege økosystem og klimatiske sesongvariasjoner. Reinen sin mattilgang endrer seg og kan bli avgrensa av klimatiske tilhøve som is og snø.

Vinteren og våren 2017 var utfordrande for reindrifta i store delar av landet. Særleg i Aust-Finnmark var store delar av beiteområda låst. Årsaka var ein sein vår med mykje snø og is. Dette gjorde beitesituasjonen spesielt vanskeleg.

Erfaringa frå årets vanskelege beitesituasjon avdekka trong for ein ny gjennomgang av beredskapsarbeidet på reindriftsområdet.

I oppfølgingsmøtet 22. juni 2017 mellom partane til Reindriftsavtalen 2017/2018, vart beredskapsarbeidet på reindriftsområdet løfta fram som eit særskilt tema. Avtalepartane understreka viktigheita av god samhandling mellom reindriftsstyresmaktene, Mattilsynet og reindrifta for at ein kan setja i verk tiltak i forkant av ei eventuell krise. Dette er viktig for å hindre dyretragedier på grunn av mangel på mat og drikke som følgje av ekstraordinære vêrforhold.

I møtet den 22. juni vart avtalepartane samde om å sette ned ei arbeidsgruppe for å foreta ein gjennomgang av kriseberedskapen i reindrifta knytt til organisering av beredskapsarbeidet, tilgang på krisefôr og reindrifta sitt eige arbeid knytt til kriseberedskap. Fristen for å ferdigstille rapporten var 1. desember.

Arbeidsgruppa foreslår ei rekkje tiltak for å betre kriseberedskapen i reindrifta. I og med at rapporten er bestilt av avtalepartane, og at rapporten er eit sentralt dokument til forhandlingane om Reindriftsavtalen 2018/2019, er det ikkje riktig av meg på noverande tidspunkt å gå nærare inn på dei konkrete forslaga i rapporten. Eg legg til grunn at avtalepartane drøfter forslaga og den vidare oppfølginga av rapporten i dei komande reindriftsavtaleforhandlingane.

Med helsing

Jon Georg Dale

 

Til toppen