Svar på skriftleg spørsmål om Inn på tunet-gardar

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) om kor mange godkjende Inn på tunet-gardar det er totalt, og for områda oppvekst- og opplæring, arbeid og arbeidstrening, og helse og omsorg, kor mange har avtale med det offentlege fordelt på områda og vil statsråden kome med nye tiltak/ handlingsplan.

Spm. nr. 1135 til skriftleg svar

Eg syner til spørsmål nr. 1135 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Kjersti Toppe (SP) til landbruks- og matministeren:

"Hvor mange godkjente Inn på tunet-gårder er det totalt og for områdene oppvekst- og opplæring, arbeid og arbeidstrening, og helse og omsorg, hvor mange har avtaler med det offentlige fordelt på områdene og vil statsråden komme med nye tiltak/ handlingsplan etter at førre gikk ut i 2017? "

Godkjennings- og merkeordninga, samt nasjonal nettside for IPT, blir drifta av Matmerk. Tabellen under syner fylkesvis fordeling av godkjente IPT- verksemder pr.1.1.2018, totalt 398 verksemder, og i tillegg 128 under godkjenning (Kjelde: Matmerk).

Fylke

Tal
godkjente
verksemder
1.1.2018
Under
godkjenning
1.1.2018

Østfold

13

9

Akershus

37

15

Oslo

1

1

Hedmark

33

7

Oppland

29

2

Buskerud

24

10

Vestfold

13

5

Telemark

12

2

Aust Agder

10

8

Vest Agder

5

1

Rogaland

24

10

Hordaland

38

4

Sogn og Fjordane

18

5

Møre og Romsdal

20

9

Sør-Trøndelag

38

11

Nord- Trøndelag

27

11

Nordland

19

7

Troms

24

11

Finnmark

13

0

Totalt

398

128

Matmerk gjennomførde i 2017 ei spørjeundersøking mellom dei godkjente gardane og 202 verksemder (50 %) svarte. Tabellen under syner fordeling på type tenester som kan bli tilbutt av gardane. Som det går fram av tabellen, kan den einskilde gard ofte tilby fleire typar tenester.

Type tenester som garden kan tilby

Prosent av respondentane

Tal respondentar 

Garden som pedagogisk resurs

72,28 %

146

Arbeidstrening, språkopplæring og andre tilbod gjennom NAV

67,33 %

136

Omsorg, personer med demens, psykiske problem

59,41 %

120

Barn, barnehage, SFO

57,92 %

117

Anna

25,25 %

51

Kriminalomsorg

13,86 %

28

Talet respondentar = 202

Spørjeundersøkinga synte at om lag 87 prosent av dei som svarte leverer tenester pr. dd. Om lag 25 prosent har kontraktar på over eitt år. Matmerk har ikkje eksakt statistikk for tal på brukarar av tilboda samla sett. Departementet arbeidar med å gjere statistikkgrunnlaget for Inn på tunet betre.

I Meld.St.31 Garden som ressurs - marknaden som mål, har regjeringa lagt til grunn ei vidareføring av tiltaksområda i handlingsplanen også etter 2017, mellom anna det godt etablerte tverrdepartementale samarbeidet. LMD samarbeider med fleire departement om å synleggjere Inn på tunet som aktuelle tilbod, og Inn på tunet (IPT) blir satt på dagsorden gjennom konkret politikkutforming og i politiske dokument til dei ulike tenestesektorane.

Gode døme på dette er at Inn på tunet er synleggjort som aktuelle åtgjerder m.a. i demensplan 2020, folkehelsemeldinga, integreringsmeldinga, regjeringa sin strategi for aldersvenleg samfunn og strategi for god psykisk helse. I desse dokumenta er det vist til Inn på tunet som meiningsfulle aktivitetar som gir trivsel, læring og livsmeistring. Fylkesmennene har eit tverrdepartementalt oppdrag i verksemds- og økonomiinstruksen i å synleggjere IPT som aktuelle tenester. Dei fleste fylkesmannsembeta har utarbeidd eigne fylkesvise handlingsplanar i ei breitt partnarskap.

Vidare har ein i samarbeid med fleire departement fått på plass meir rettleiande materiale for IPT. I 2015 kom nasjonal rettleiar for garden som læringsarena for barn og unge, og i 2016 nasjonal handbok for IPT-baserte dagaktivitetar for personar med demens. I 2018 kjem revidert veileiar i regi av NAV for arbeidsførebuande trening på gard for personar med psykiske problem eller rusproblem, og det er i tillegg planar om meir samarbeid framover.

Regjeringa har gjennom ei markant styrking av Utviklingsprogrammet for landbruksbasert vekst og verdiskaping, stimulert til målretta satsing på landbruksbaserte næringar. Programmet er no på om lag 100 millionar kroner. Ein kan og sjå at fleire og fleire Inn på tunet-verksemder nyttar verkemidla i programmet, som går til vekstbedrifter, bedriftsnettverk og kompetanseutvikling. Inn på tunet Norge SA blei stifta i 2016 og ei rekke regionale SA er danna med støtte frå nettverksmiddel i utviklingsprogrammet.

Eg meiner betre organisering av næringa, ordningar over Utviklingsprogrammet saman med investerings- og bygdeutviklingsmiddel og satsing på kurs, utdanning og forsking, er dei viktigaste bidraga til auka profesjonalisering og lønsemd i næringa og betre tenester. Det er viktig å auke kunnskap og kjennskap om Inn på tunet i aktuelle kjøpargrupper. Mi vurdering er at næringa, forvaltninga og departementa arbeidar saman om dette på ein god måte.

Med bakgrunn i denne gjennomgangen, er mi vurdering at utviklinga av IPT-tenesta fungerer godt og at det ikkje er naudsynt med ein ny handlingsplan på noverande tidspunkt.

Med helsing

Jon Georg Dale