Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om inntektsveksten i jordbruket 2014-2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om inntektsveksten i jordbruket 2014-2016.

Spm nr 1031 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Geir Pollestad - Vedr forklaring for inntektsveksten i jordbruket 2014-2016

Representanten Pollestad stiller fylgjande spørsmål:

"Av en inntektsvekst på cirka kroner 50 000 per årsverk i perioden 2014-2016 kan omtrent kroner 45 000 forklares med andre forhold enn regjeringens politikk. Er statsråden enig i at det er rentenedgang, markedsbalanse i svinenæringen, god drift i Tine og påplussinger i Stortinget som i all hovedsak er forklaringen på inntekstveksten i jordbruket fra 20I4-2016, om ikke - hva mener statsråden er de rette tallene?"

Inntektene i jordbruket, rekna per årsverk, aukar sterkt. Det er eg glad for. Så vidt eg kan sjå, har representanten Pollestad nytta tal frå Budsjettnemnda si utgreiing frå i fjor, og då var tala for 2016 eit budsjett. Tala i år syner enno sterkare inntektsauke frå 2014 til 2016.

Eg er i stor grad samd med representanten Pollestad i at dei faktorane han nemner har vore viktige for inntekts¬auken. Men, det er svært mange faktorar som til slutt gjev nettoresultatet i rekneskapen. Og det er fleire andre som òg kan nemnast.

Til dømes auka kjøtinntektene med om lag 30.000 kroner per årsverk, frå 2014 til 2016, (etter at det er korrigert for endringar i marknads¬balansen og rekneskapsteknisk flytting av tilskot til lammeslakt). Mykje skuldast auke i produksjonen, som regjeringa og avtalepartane har lagt til rette for. Auka produksjon har gjort at overslagsløyvingane på jordbruksavtala (der det er tilskottssatsen som blir vedteke i jordbruksavtala, og nødvendig løyving fylgjer voluma) har auka med 259 mill. kroner i 2016 og 129 mill. kroner i 2017.

Eg er svært komfortabel med at marknaden, makroøkonomiske høve og bøndenes og industrien sin eigen innsats har bidrege vesentleg til inntektsveksten. Bønder er sjølvstendig næringsdrivande, det offentlege legg rammer og bidreg med tilskot til næringsdrifta. Eg er glad for at høva i denne perioden har vore lagt slik at næringa har oppnådd svært gode resultat, utan særleg auke i subsidieringa.

Nettoinntektene til bøndene verken kan, eller skal, bli vedtatt av avtalepartane, regjeringa eller Stortinget. Det gjeld å legge rammer som gjer at jordbruket kan bli mindre avhengig av offentlege tilskot og reguleringar. 

Med helsing

Jon Georg Dale
landbruks- og matminister