Svar på skriftleg spørsmål om behovet for investering i jordforbedrende tiltak

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (A) om behovet for investering i jordforbedrende tiltak med m.a. drenering og grøfting for å nå Stortinget sine mål i landbrukspolitikken.

Svar på spm. nr. 926 til frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen om behovet for investering i jordforbedrende tiltak med m.a. drenering og grøfting for å nå Stortinget sine mål i landbrukspolitikken

Eg syner til spørsmål nr. 926 frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen 9. februar 2018. Representanten Sandtrøen stilte følgjande spørsmål:

Hvor stort er investeringsbehovet i jordforbedrende tiltak med blant annet drenering og grøfting for å nå Stortingets mål i landbrukspolitikken og at jordressursen i Norge skal bli optimalt tilpasset et våtere klima?

Dreneringsforhold i norsk jordbruksjord
NIBIO publiserte den 8. februar 2018 ny jordsmonnsstatistikk (NIBIO rapport nr 13/2018). Rapporten inneheld mellom anna ei vurdering av dreneringsforholda på norske jordbruksareal. NIBIO skriv i rapporten at produksjonsevna på jordbruksareal og drifta av areal i stor grad er avhengig av jorda si evne til å bli kvitt overflødig vatn. Jord som har god evne til å bli kvitt overflødig vatn, sjølvdrenert jord, er enklare å drive. I eit framtidig våtare klima, med både auka nedbørsmengder og auka nedbørintensitet, vil sjølvdrenert jord ha ein enno større fordel enn i dag.

Fulldyrka og overflatedyrka jord i Noreg er inndelt i fire klassar på bakgrunn av dreneringstilstand. Inndelinga tar omsyn både til eigenskapar ved jorda og topografien. Jordsmonnet sine dreneringseigenskapar og helling på arealet, er avgjerande for dreneringstilstanden til arealet. NIBIO anslår at 47 pst. av fulldyrka og overflatedyrka jord i Noreg har sjølvdrenert jordsmonn (4 230 800 daa). Eit høgt innhald av vatn i jorda gir lite gunstige veksttilhøve for plantene og ei dårlegare avling per arealeining. Det vil òg gi auka risiko for uheldige miljøkonsekvensar, som auka risiko for overflateavrenning, erosjon og jordpakking. I Noreg er det anslått at 31 pst. av fulldyrka og overflatedyrka jord (2 780 100 daa) er flate og treng grøfting. Medrekna hellande areal treng 53 pst. av jordbruksarealet grøfting/drenering. Det er viktig med kunnskap om årsaka til behovet for drenering. Til dømes er dårleg vassleiingsevne den viktigaste årsaka til dårlege dreneringseigenskapar på Austlandet. Dette heng saman med det dominerande opphavsmaterialet som er marin leire.

Investeringsbehov
Det kan vere kostnadskrevjande å gjere investeringar for å betre dreneringstilstanden på eit jorde, men dette handlar òg om god agronomi og om å gjere tiltak som bidreg til best mogleg jordbruksproduksjon. Difor må hovudansvaret for tilstrekkeleg drenering, grøfting og anna investering ligge hos den einskilde gardbrukar.

Landbruksdirektoratet har innhenta anslag for kostnadar med grøfting og drenering. Normalt vil kostnadene vere frå 5000 kroner per dekar i dei mest lettdrenete områda og opp til 10-12 000 kroner eller meir per dekar i andre område. Tilskot til drenering blei innført på nytt over jordbruksavtala frå 2013. Tilskotet er meint å vere eit incitament for auka grøfteaktivitet på dei areala som treng det. I fleire år har det vore låg oppslutning om tiltaket. I jordbruksoppgjeret 2017 blei difor satsen for tilskot dobla, frå 1000 til 2000 kroner per dekar. Eg har fått informasjon om at dette har bidrege til auka interesse for tiltaket frå sommaren 2017.

God handtering av overflatevatn og god tilstand på hydrotekniske anlegg knytt til jordbruksareal er òg viktige klimatilpassingstiltak. I åra med tilskot til senkings- og lukkingsanlegg, blei det gjeve tilskot til om lag 40 000 anlegg i dei planerte leirjordsområda. Fleire av desse anlegga tar no til å fungere dårleg på grunn av alder, og på grunn av at dei ikkje er dimensjonert for å møte eit endra klima med auka og meir intens nedbør. Gamle rørgater og kummer, i samband med bekker som tidligare er lagt i rør, kollapsar i aukande grad. Dette kan potensielt gi store konsekvensar ved brot eller lekkasjar, med omfattande erosjon, partikkelforureining og tap av dyrka jord som resultat. Området blei av den grunn prioritert under jordbruksoppgjeret 2017, og det blei avsett ekstra midlar til føremålet både for 2017 og 2018.

Problemstillingar knytt til drenering blir vurdert jamleg i tilknyting til dei årlege jordbruksoppgjera.

Med helsing

Jon Georg Dale