Svar på skriftleg spørsmål om skrantesjuke på rein i Nordfjella og hjortevilt (elg) i Trøndelag

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ole André Myhrvold (Sp) om smittekjelda av skrantesjuke på rein i Nordfjella og hjortevilt (elg) i Trøndelag.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 204 frå representanten Ole André Myhrvold

Stortingsrepresentant Ole André Myhrvold har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

I forbindelse med at det er påvist skrantesjuke på rein i Nordfjella og hjortevilt (elg) i Trøndelag har det vært spekulert i om smittekilden kan være importert hjorteurin. Innføres det organisk materiale (f.eks. amerikansk hjorteurin) til Norge som er en potensiell smittekilde til skrantesjuke, eller har departementet andre teorier for hvordan sykdommen har kommet til Norge og spredd seg blant hjortedyr i her?

CWD/skrantesjuke er ein alvorleg sjukdom som rammar hjortevilt. I Noreg har ein påvist to typar av sjukdomen. På villrein i Nordfjella er det påvist ein smittsam type som smittar ved direkte kontakt mellom dyr og frå miljøet. Denne typen er den same som ein finn på hjortedyr i Nord-Amerika. Den typen som er påvist på elg og hjort, er ein annan variant, og mykje tyder på at denne typen av skrantesjuke oppstår meir spontant hos eldre dyr.

Når det gjeld den typen skrantesjuke vi finn i Nordfjella, er det mange teoriar og spekulasjonar om korleis sjukdomen har oppstått i Noreg, og kor smittestoffet kjem frå. Sjølv om den smitten vi finn hos villrein i Nordfjella er den same som i Nord-Amerika, kan ein ikkje av dette fastslå at smitten har kome til Noreg frå dette området og på ein bestemt måte. Det kan vere fleire måtar smittestoffet kan ha blitt introdusert på, og vi veit ikkje korleis smitte med skrantesjuke har kome til villreinflokken i Nordfjella.

Det er ikkje uvanleg at ein aldri finn opphavet til smitten ved eit sjukdomsutbrot. Når det gjeld den typen smittestoff (prion) som er årsak til skrantesjuke, er det vanskelegare å spore smittevegen enn for mange bakterie- og virussjukdommar mellom anna på grunn av den lange tida som går frå smitte til sjukdom utviklar seg.

Mattilsynet opplyser at dei er kjent med at det har vore mogeleg å importere luktestoff basert på naturleg urin mellom anna frå hjortevilt i Nord-Amerika. Dette har vore tilgjengeleg over internett, òg frå norske aktørar, men omfanget av slik import er ikkje kjent. Ein kan likevel ikkje konkludera med at bruk av slike luktestoff er årsaka til CWD i Nordfjella.

I forskrift 11. juli 2016 nr. 913 om tiltak for å begrense spredning av CWD er det innført fleire ulike tiltak som alle er fastsatt for å hindre at smitten skal breie om seg. Eit av desse tiltaka er forbod mot import og bruk av luktestoff, som er laga av urin frå hjortevilt som kjem frå land der skrantesjuke er påvist. Forbodet gjer at dei luktestoffa som i dag er lovleg å bruke må vere laga kunstig eller kome frå område der sjukdomen ikkje er påvist.

Med helsing

Jon Georg Dale