Svar på skriftleg spørsmål om å flytte soner i Aremark og Marker

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ole Andre Myhrvold (Sp) om å flytte soner i Aremark og Marker frå sone 1 til 3.

Spm. nr. 1602 til skriftlig besvarelse frå stortingsrepresentant Ole Andre Myhrvold

Stortingsrepresentant Ole Andre Myhrvold har stilt følgjande spørsmål:
"Er statsråden enig i at Aremark og Marker har samme utfordringer, geografi og naturgitte forutsetninger for jordbruk som Rømskog, og vil statsråden flytte Aremark og Marker fra sone 1 til 3?"

Dei sonedifferensierte tilskota over jordbruksavtalen skal mellom anna bidra til å nå måla Stortinget har fastsett for landbruk over heile landet og geografisk produksjonsfordeling. Sonegrensene blir fastsett i jordbruksoppgjeret, og for areal- og kulturlandskapstilskottet er gjeldande sonegrenser vist i eigen tabell i jordbruksavtalen. Vedlagt ligg eit kart som syner gjeldande sonegrenser.

Med tilskott som er differensiert ut frå arealsoner der heile Sør-Noreg er delt i 5 soner, vil det alltid vere slik at ein kan finne område i ei høgare sone som har betre produksjonstilhøve enn område som ligg i ei lågare sone. Nokon vil alltid oppleve å kome på "feil side" av grensa.

Det kjem ofte innspel til partane i jordbruksoppgjeret med forslag om å justere sonegrenser med liknande utgangspunkt som i dette spørsmålet. Eg har i utgangspunktet ingen låste posisjonar kring dagens sonegrenser, men om ein i jordbruksoppgjeret skulle forsøke å justere sonegrensene for å oppnå jamstilling ut frå slike føresetnader, ville ingen sonegrenser bli oppfatta som faste. Av den grunn har partane i jordbruksoppgjeret blitt einig om å la gjeldande grenser vere faste.

Den 16. mai blei jordbruksoppgjeret 2018 avslutta med avtale mellom partane. For å kunne målrette tilskot i større grad mot dei områda av landet som har dei største utfordringane med avgang av areal, blei det gjort ei endring ved at sone 5 blei delt i sone 5A og sone 5B for grovfôr.

Dei nye sonene 5A og 5B utgjer kvar for seg eit grovfôrareal på meir enn 1,5 mill. dekar. Sjølv etter denne delinga vil det utan tvil vere områder innafor desse sonene der skilnaden i veksttilhøva er vesentleg større enn mellom Rømskog og Marker/Aremark kommunar.

Eg meiner at dersom ein skal gjere slike justeringar bør det skje etter ein heilskapeleg gjennomgang og være forankra i jordbruksavtalen.

Med helsing

Jon Georg Dale

Vedlegg: 

Til toppen