Historisk arkiv

Svar på spørsmål 641 fra stortingsrepresentant Lundteigen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Eg viser til brev av 19. februar frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen til skriftleg svar:

Eg vil be finansministeren gje skriftleg svar på følgjande spørsmål: Før omlegginga av Statistisk Sentralbyrå (SSB) sine heimesider var den viktigaste statistikken til ulike tema samla på temasider. Døme på slike tema var arbeidsliv, løn, folkesetnad, innvandring osfr. Til kvart tema var det òg peikarar til både interne og eksterne kjelder. Dette var særs nyttig og medverka på ein heilt annan måte til folkeopplysing enn dagens heimesider legg til rette for. Vil statsråden medverka til at SSB gjeninnfører dei gamle temasidene slik at viktig statistikk kjem fram lettare enn i dag?

Grunngjeving:
SSB har eit nesten eineståande omfang av statistikkmateriale. For Stortinget, til liks med presse og forvaltning, er det eit sjølvstendig poeng at SSB medverkar aktivt til at sentrale fakta og sentral statistikk på ulike felt blir kjent for offentlegheita. ”

Svar:
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for å utarbeide og spreie offisiell statistikk om det norske samfunnet. Offisiell statistikk er nasjonen sitt felles faktagrunnlag og er viktig for eit levande demokrati. God og nøytral informasjon er avgjerande for god planlegging, evaluering, debatt og forsking.

Eit utgangspunkt for styringsdialogen mellom Finansdepartementet og SSB i 2015 er SSBs strategiske hovudmål frå 2014. Der heiter det mellom anna at SSB skal vere samfunnets viktigaste faktaleverandør og at statistikken skal møte behova til brukarane.

I dialogen med SSB legg Finansdepartementet vekt på at verksemda skal utføre oppgåvene best mogleg innanfor dei ressursar dei er tildelt. For å kunne møte behova til brukarane er òg brukarundersøkinger og evalueringar viktige verktøy.

Dei web-baserte temasidene vart i 2013 erstatta av ei automatisk oppdatert navigasjonsside for alle emne samt ei automatisert nøkkeltalside for alle emne. Det vart mellom anna grunngjeve med at fleire av sidene tidvis var utdaterte på grunn av manuelle rutinar og avgrensa ressursar.

Finansdepartementet har vore i kontakt med SSB, som seier dei er kjend med at fleire brukarar saknar temasidene.

SSB gjennomførte derfor tre pilotar i 2014 med det som vart kalla utvida nøkkeltalsider eller temasider på norsk og engelsk. Verksemda har som mål å tilby brukarane sine temasider eller nøkkeltalsider på alle dei mest etterspurde temaområda i løpet av dei neste åra.

Med helsing

Siv Jensen