Svar på spørsmål om innføring av EU-direktiv

Spørsmål nr. 830 (2014-2015)

Statsråd Vidar Helgesens svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om Noreg og arbeidet med å gjere EU-direktiv til norsk lov.

Spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp):
Eg vil be ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU gje skriftleg svar på følgjande spørsmål:

Kan statsråden leggje fram oversikt over kva som har vore Noregs gjennomsnittlege gjennomføringsunderskot for EU-direktiv, kva som har vore gjennomsnittleg handsamingstid for EU-direktiv for kvart år sidan 1994 og kva EU-direktiv som er implementert etter EU sin tidsfrist dei siste 20 åra?

Grunngjeving: Nationen skriv fredag 21. april at Noreg tidligare har blitt kritisert av Esa fordi landet har, etter Esa si meining, brukt for lang tid på å gjere EU-direktiv til norsk lov. I fjor sommar ga Esa ut ein halvårleg resultatrapport som synte at av alle dei 31 EØS-Ianda var det berre Island som brukte lenger tid til nasjonal vurdering av EU-direktiv enn Noreg. Nationen skriv at regjeringa no har å syte for ei raskare innføring av EØS-reglar.

Nationen skriv at medan det såkalla gjennomføringsunderskotet til Noreg i mai i fjor var på 1,9 prosent Iåg snittet for dei 28 EU-Ianda på 0,7 prosent. Kvar Noreg plasserer seg på lista no, er ikkje klart enno, men  Esa-president Oda Helen Sletnes seier at Noreg har blitt raskare til å innføre EU-direktiv.

Statsråden sitt svar:
Spørsmålet frå stortingsrepresentant Navarsete har eit stort omfang, og eit fullgodt svar ville krevja eit grundig gjennomsyn av styresmaktene sin innsats dei siste 20 åra. Fleire enn 10.000 rettsakter har blitt gjennomførde i norsk rett sidan EØS-avtalen kom i stand.

Det finst ikkje noko oversyn over den gjennomsnittlege handsamingstida for EU-direktiv sidan 1994. Me ville då måtta gjera ei omfattande gransking av praksis i kvart departement.

Eftas overvakingsorgan (Esa) gjev to gonger kvart år ut ei resultattavle som syner kor raske Efta-landa er med å gjennomføra direktiv i nasjonal rett (målt som eit gjennomføringsunderskot), samt eit oversyn over gjennomføringa av forordningar. Kommisjonen gjev eit tilsvarande oversyn over gjennomføringa av direktiv i EU-landa. Kommisjonen og Esa sine oversyn blir publiserte samstundes. Resultattavla fortel kor mange prosent av dei gjeldande direktiva kvar medlemsstat ikkje har gjennomført i tide. EU si  målsetting er at ikkje noko land skal ha eit gjennomføringsunderskot større enn ein prosent (før 2009 1,5 prosent). Dette heng saman med ynskjet om størst mogleg regelverkslikskap.  

Ei liste som Navarsete spør om over EU-direktiv som er gjennomførde i Noreg seinare enn  tidsfristen dei siste 20 åra, ville innehalde mange hundre direktiv. Ein ting er dei seinkingane som ligg føre dei to gongene i året når Esa gjer målingane sine. Ei annan ting er dei seinkingane som kjem til utanfor måletidspunkta og som ikkje utan vidare vert fanga opp av Esa sine målingar. Inga tidligare regjering har utarbeidd ein slik samla statistikk. Det er heller ikkje gjort no.

Føremålet med EØS-avtala er å sikre føreseielege vilkår, regelverkslikskap og mest mogleg like konkurransevilkår i heile EØS-området. Dette har mykje å seia for norsk næringsliv og norske føretak. Derfor gjev regjeringa arbeidet med effektiv innlemming av nytt EU-regelverk for den indre marknaden i EØS-avtalen høg prioritet. Sjølv om regjeringa til no  ikkje fullt ut har nådd dei resultat i dette arbeidet som me hadde vona, er me rimeleg optimistiske når det gjeld utviklinga framover. Regjeringa innførte nye retningslinjer for forvaltinga sitt arbeid med EØS- og Schengen-saker 1. september 2014. Me  ventar at dette vil betra stoda ytterlegare.    

Det me har oversyn over, er gjennomføringsunderskotet dei siste 18 åra, slik det kjem fram på Esa si resultattavle, sjå tabell 1 nedanfor. Tabell 2 syner underskotet dei siste 6 månadane, og tabell 3 gjev ei liste over kva direktiv som var seinka ved Esa sine siste tre målingar. 

Tabell 1 visar at gjennomføringsunderskotet var høgt dei fyrste åra etter at EØS-avtala tok til å gjelda. Underskotet har også vore høgt på dei siste tre målingane. Tabell 2 syner at sidan siste måling 31. oktober 2014 har lista over uteståande direktiv vore kort, og me vil truleg ha rekordlågt underskot når neste resultattavle kjem. Det klare målet er at den reduksjonen som nå er nådd, skal halda seg i tida framover, basert på rutinar som sikrar gjennomføring og notifisering av nytt regelverk til rett tid. Det sentrale er som sagt å sikra eit likt regelverk og føreseielege vilkår til kvar tid i heile EØS-området. Då blir det viktig å halda seinkingane på eit  så lågt nivå som mogleg  gjennom heile året, og ikkje berre på dei to måletidspunkta som Esa har kvart år. 

Tabell1. Gjennomføringsunderskotet sia 1997.[1]  

ÅR

30. april

31. oktober

2014

1,9 prosent

2 prosent

2013

0,9 prosent

1,8 prosent

2012

1,3 prosent

0,7 prosent

2011

1 prosent

0,6 prosent

2010

0,4 prosent

0,2 prosent

2009

0,4 prosent

0,5 prosent

2008

0,8 prosent

1,1 prosent

2007

1,1 prosent

1,3 prosent

2006

0,6 prosent

0,7 prosent

2005

1,2 prosent

0,8 prosent

2004

0,7 prosent

1 prosent

2003

0,7 prosent

0,5 prosent

2002

0,5 prosent

1 prosent    

2001

3,8 prosent

1,7 prosent

2000

4,1 prosent

3,7 prosent

1999

3,7 prosent

4,7 prosent

1998

4,2 prosent

3,8 prosent

1997

 

6,9 prosent

Tabell 2. Forsinka gjennomføring av direktiv dei siste 6 månadene.

Månad

Antall

November

8

Desember

5

Januar

4

Februar

1

Mars

1

April

2

Tabell 3. Dei direktiva som har vært utestående ved dei siste målingane frå Esa.

31. oktober 2013

30. april 2014

31. oktober 2014

2004/52

2008/112

2009/12

2006/38

2009/12

2009/31

2008/112

2009/31

2010/48

2009/12

2010/48

2012/33

2009/31

2011/83

2012/46

2009/48

2012/14

2014/1

2010/32

2012/15

2014/10

2010/48

2012/16

2014/11

2012/14

2012/20

2014/12

2012/15

2012/22

2014/13

2012/16

2012/38

2014/14

2012/20

2012/40

2014/15

2012/22

2012/41

2014/16

2012/30

2012/42

2014/17

2012/32

2012/43

2014/18

2012/38

2013/27

2014/2

2012/40

2013/3

2014/3

2012/41

2013/4

2014/4

2012/42

2013/5

2014/5

2012/43

2013/6

2014/6

2012/47

2013/7

2014/7

 

 

2014/8

 

 

2014/9

 Totalt: 21

 Totalt: 21

Totalt: 23

  


[1] Esa sine måletidspunkt dei siste åra har vore høvesvis 30. april fyrste halvår og 31. oktober i andre halvår. Det kan ikkje utelukkast at det har vore visse variasjonar i måletidspunktet tidlegare år.