Historisk arkiv

Svar på spørsmål om uformelt ministermøte i WTO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om dagsorden med meir for det uformelle ministermøtet i WTO som skal vere i Oslo i oktober.

Skriftleg spørsmål nr. 1525 (2015-2016).
Datert 02.09.2016

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Kva er dagsorden for det uformelle ministermøtet for WTO-medlemmer den 21. og 22. oktober, kva for gjester er invitert, og kva er bakgrunnen for dagsorden og prioriteringa av gjester?

Svaret til utanriksministeren:
Bevaring og styrking av WTO er fremste handelspolitiske interesse for Noreg. Etter fleire år der framdrifta i WTO-forhandlingane ikkje har vore som ønskt, gav ministerkonferansen i Nairobi i desember 2015 opning for nytenking. For å vinne fram er det ein føresetnad å halde det politiske engasjementet oppe.

Derfor har eg invitert ei rekke handelsministrar til Noreg. På dagsorden står framtida til WTO. Føremålet er å leggje grunnlag for vidare forhandlingar. Initiativet er ei naturleg forlenging av posisjonen Noreg har som ein sterk forkjempar for det multilaterale handelssystemet. Gruppa er breitt sett saman og inkluderer utviklingsland og industriland, ulike regionar samt representantar for dei store u-landsgrupperingane.