Tilskot til dialogarbeid om tru- og livssynspolitiske spørsmål

Kulturdepartementet utlyser 5 millionar kroner til dialogarbeid og tiltak som kan bidra til meir kunnskap og debatt om tru- og livssynspolitiske spørsmål.

– Regjeringa meiner at tru- og livssynsdialog er viktig for å fremje gjensidig forståing og respekt i det fleirreligiøse Noreg. Vi vil leggje til rette for dialog og engasjere eit mangfald av stemmer i tru- og livssynssamfunna. Dialog og debatt er viktig for å ivareta forskjellar og hegne om felles verdiar som samfunnet vårt byggjer på.

Pengane som vert lyst ut skal gå til: 

  • Dialogarbeid – aktivitetar på, eller i tilknyting til, tru- og livssynsområdet som kan fremje gjensidig forståing og respekt for forskjellar og for felles verdiar som demokrati, rettsstat og menneskerettar
  • Tiltak som kan bidra til kunnskapsutvikling og kompetanseheving om tru- og livssynspolitiske tema

Ved vurderinga av søknadane vil departementet m.a. leggje vekt på om søkjaren har kompetanse og erfaring frå liknande arbeid. Departementet vil prioritere tilskot til tiltak som (i prioritert rekkjefølgje): 

1)     Bidrar til å utvikle dialogarbeid og samarbeid mellom ulike trussamfunn/-retningar og andre aktørar lokalt

2)     Skjer i regi av, eller i samarbeid med, muslimske organisasjonar eller trussamfunn

3)     Bidrar til kunnskapsutvikling og kompetanseheving om aktuelle trus- og livssynspolitiske tema

Departementet vil tildele eingongstilskot på mellom 50.000–400.000 kroner.

Søknadsfristen er 15. august 2018

Les heile utlysinga (.pdf)