Tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet

For at barnevernet skal kunne gi eit tilpassa og godt tilbod til barn som vert plasserte utanfor heimen, må dei ha nok informasjon om barnets helse og behov. I dag er det ei utfordring at barnevernet manglar kunnskap om barnet. Difor sender regjeringa no forslag om ei tverrfagleg helsekartlegging for barnevernsbarn på høyring.

— Når styresmaktene vedtek at eit barn skal flytte ut av heimen, har det offentlege eit særskilt ansvar for at barnet får god omsorg og oppfølging. Ei grundig kartlegging av barnets behov er ein føresetnad for at barnevernet skal kunne gi riktig hjelp, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

— Vi veit at barn i barnevernet har høgare førekomst av både fysiske og psykiske helseplager. Det er viktig at dei som skal gi barnet omsorg har god kunnskap om helsa og behova til barnet. Tverrfaglig spesialisert helsekartlegging skal bidra til at barnet får riktig hjelp både frå barnevernet og frå helsetenesta, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Mange av dei barna som får hjelp frå barnevernet har vore utsette for alvorlege påkjenningar. Vi veit også at over halvparten av barn som bur i fosterheim og i barnevernsinstitusjon har psykiske vanskar. Det er godt dokumentert gjennom tilsyn, undersøkingar og forsking at barnevernet ofte ikkje har nok kunnskap om barnets helse og behov når det vert fatta vedtak om å flytte barnet ut av heimen. Konsekvensane kan bli at barnet ikkje får den hjelpa det treng, som fører til brot og utilsikta flyttingar for barnet.

Tverrfagleg helsekartlegging kan bidra til at kommunal barnevernsteneste, fosterheim og institusjon vert sette  betre i stand til å gi barn som vert plasserte utanfor heimen forsvarleg omsorg og oppfølging.

Barne- og familieministeren foreslår difor at kommunal barnevernsteneste kan be Bufetat om ei tverrfagleg helsekartlegging. Det er opp til Bufetat å avgjere i kvart enkelt tilfelle om ein skal tilby tverrfagleg helsekartlegging. I tillegg vert det foreslått at barnevernstenesta vert gitt ei plikt til å vurdere om det er behov for helsekartlegging.

Tilbodet krev helsefagleg og barnevernsfagleg kompetanse på spesialisert nivå. Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) er einige om at tiltaket bør ligge i Bufetat, samstundes som spesialisthelsetenesta bidreg med naudsynt kompetanse og ressursar inn i kartleggingsteama.

Forslaget blir no sendt på offentleg høyring med frist 22. mars 2021.

Les høyringsforslaget her.